Vindmøllene gjer at han ikkje kan sjå TV

BREMANGER (NRK) I Berle i Bremanger har bygdefolket mista TV-signalet, og det syner seg at det er dei nye vindmøllene som har skulda.

Isak Berle

UMOGLEG Å SJÅ TV: Signala er så dårlege at det er umogleg for Isak Berle å sjå TV.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg er interessert i sport og skirenn, men det er uråd for meg å sjå slik forholda er. Eg betalar for ei vare eg ikkje får levert. Det er frykteleg irriterande, seier Isak Berle.

69-åringen ser ut stoveglaset og peikar mot Hennøyfjellet.

– Her ser du årsaka til problema, seier han. På fjellryggen står vindmøllene tett i tett. Den vestlege vinden gjer at mølleblada går rundt i stor fart.

– Det var i byrjinga av desember då vindparken kom i drift at problema oppstod. I starten visste vi ikkje kvifor vi mista signala. Etter kvart forstod vi samanhengen, seier han.

Berle fortel at grendelaget har teke tak i saka, men at problema framleis ikkje er løyste.

– Eg forventar at dette blir ordna opp i snarast, seier han.

Det var Fjordenes Tidende som omtala saka først.

Meiner NVE har skulda

Det er Norges Televisjon (NTV) som har ansvar for å drifte det digitale bakkenettet for TV. Men NTV meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har hovudansvaret for at bygdefolket i Berle har mista TV-signala. Dette fordi vindmøllene som er sett opp i Hennøy vindpark er mykje større enn det som var lagt til grunn i dei opphavlege planane.

I konsesjonssøknaden frå 2011 skulle det byggast mellom sju og 12 vindmøller med ei total høgde på mellom 100 til 135 meter. I anleggskonsesjonen som vart fornya i 2016 vart det gjeve løyve til å bygge 13 vindmøller, totalhøgda på vindmøllene auka til 150 meter og plasseringa av møllene vart endra.

Vindmøller ved Berle Bremanger
Foto: Bård Siem / NRK

Krev at vindmøller blir stengde

Administrerande direktør Trude Malterud i Norges Televisjon krev at vindmøllene som forstyrrar signala for TV-sjåarane i Berle blir stengde umiddelbart.

– Vi har sendt ein klage til NVE der vi ber om at turbinane som forstyrrar skal stengast ned inntil permanente tiltak er på plass. På den måten vil bygdefolket få sjå TV igjen, seier ho.

– Ifølgje energiloven har NVE plikt til å gjennomføre konsekvensutgreiingar når endringar blir gjort. Denne plikta er ikkje følgt her. Det er tragisk, seier Malterud.

Ho viser til 20 andre saker kring om i landet der NVE ikkje har følgt opp plikta si til å gjennomføre konsekvensutgreiingar der dimensjonane på vindmølleparkar er endra.

– NVE har ikkje teke ansvar i desse sakene, seier ho.

Administrerende direktør Trude Malterud i NTV

KRITISK: Administrerande direktør Trude Malterud i Noregs Televisjon legg skulda på NVE for at innbyggarane i Berle har mista TV-signala.

Foto: Norges Televisjon / pressefoto

Allereie i 2016 viste NTV til at dei ikkje vart tekne med som høyringsinstans når vindkraftselskap aukar kapasiteten på eksisterande anlegg.

– Vi har påpeika problema heilt sidan 2016 og vi forventar no at NVE ryddar opp, seier Malterud.

Ho viser også til at TV-signal er viktig for varsle befolkninga ved nasjonale kriser.

– NRK har dette viktige ansvaret og varslinga må ikkje bli øydelagt på grunn av vindmøller.

– Fleksibilitet

Direktør i konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, har følgjande kommentar til kritikken frå Malterud:

– Det har vore usikkert i kor stor grad vindkraftverk gir forstyrringar på TV-signal. Difor blir det gjort konsekvensutgreiingar i forkant.

Men kvifor blir det ikkje stilt krav om ny konsekvensutgreiing når planane blir endra undervegs?

– Det har vore ein viss fleksibilitet når det gjeld vindkraftkonsesjonar slik at ein kan endre noko på plasseringa av vindturbinane og kor høge dei kan vere. Men ein kan pålegge tiltak i etterkant nettopp fordi det er usikkert korleis vindmøllene påverkar TV-signala.

– Har NVE tabba seg ut her?

– Hadde vi hatt god kunnskap om kva tiltak som er nødvendige, hadde det vore enklare å sette vilkår i forkant, seier han.

Rune Flatby, K

TEK IKKJE SJØLVKRITIKK: Direktør i konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, viser til at det har vore usikkert i kva grad vindmøllene øydelegg TV-signala.

Foto: Hilde Totland Harket / NVE

Usikkert når folk kan sjå TV

Flatby kan ikkje svare på kor lang tid det vil ta før bygdefolket i Berle får igjen TV-signala.

– Vi må få på plass ein dialog med aktuelle partar før eg kan seie noko nærare om tidspunktet for det, seier han.

Om det kan bli aktuelt med midlertidig stenging av dei turbinane som forstyrrar TV-signala, er i ifølgje Flatbø for tidleg å svare på.