Hopp til innhold

NVE krev at vindkraftselskap fiksar TV-signala – trugar med å stoppe turbinane

Vindturbinane har truleg skulda for at innbyggjarane i Berle mista TV-signala sine. No gir NVE vindkraftselskapet tre veker på å ordne opp.

Isak Berle og vindkraftanlegget på Hennøy

MISTA TV-SIGNALA: Innbyggjarane på Berle har fått problem med fjernsynsbileta. Dei nye vindturbinane på andre sida av fjorden har fått skulda.

Foto: Bård Siem / NRK

Blir ikkje feilen retta, kan det bli aktuelt å stogge turbinane, skriv NVE i brevet som er sendt til vindkraftselskapet Falck Renewables Wind.

I førre veke fortalde NRK at innbyggjarane i Berle i Bremanger kommune fekk TV-signala forstyrra av vindkraftverket på Hennøy.

Isak Berle, som bur i bygda, fortel at dei har hatt problema sidan midten av desember.

Anten har dei ikkje hatt signal i det heile teke, eller så har det vore eit frose bilete på skjermen så lenge turbinane går.

– Vi hadde jo ikkje rekna med at TV-signala skulle bli påverka. Vi forstod ikkje heilt kva det var til å byrje med, seier han.

Isak Berle

MISTA SIGNAL: Isak Berle krev at vindkraftselskapet ryddar opp i problema slik at han og naboane får sjå TV igjen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Krava er tydelege

NVE sende brevet til vindkraftselskapet i førre veke. Der viser NVE til målingar som syner at Hennøy vindkraftverk forstyrrar TV-mottaka i Berle og Sørgulen.

Etaten krev difor at selskapet innan 20. februar presenterer ein plan for korleis dei skal løyse problema.

Fungerande seksjonssjef Anne Johanne Kråkenes i NVE ønskjer ikkje å gå i inn på kva dei vil gjere om planen ikkje kjem eller om dei meiner tiltaka ikkje er gode nok.

Burde ikkje desse krava vore stilte før vindturbinane vart bygde?

– I samband med konsesjonsbehandlinga vart det vurdert som lite sannsynleg at radio- og TV-signala ville verte påverka. Men vi sette som vilkår om dersom det likevel syner seg å vere eit problem på eit seinare tidspunkt, skal det setjast i verk tiltak, seier Kråkenes.

– Vi lovar å ordne opp

Ifølgje brevet har Falck Renewables allereie sagt dei vil kome opp med tiltak som kan løyse problema med manglande TV-signal.

Dei har alt denne veka avtalt møte med Norges Televisjon, som står for utbygging og drift av det digitale bakkenettet. Møtet skjer på torsdag.

– Falck Renewables vil innfri krava i konsesjonen, og det inkluderer kravet i denne saka. Vi har vore i kontakt med både NVE og Norges Televisjon, og forsikra dei at vi tek dette på alvor, skriv Scott Gilbert, sjef i Falck Renewables Vind, i ein e-post til NRK.

Isak Berle er glad for utviklinga i saka og håpar problema blir løyste.

– Det er på høg tid at NVE vaknar i desse sakene. Eg har fått fleire telefonar frå andre område i landet som slit med dei same problema. Det er kjekt å høyre at dei byrjar å sjå på kva som skjer.