Hopp til innhold

Vil vekk frå det nye storfylket: – Vestland var det verste som kunne skje

ETNE/SVEIO (NRK): Det nye storfylket på Vestlandet kan slå sprekkar allereie før det er ein realitet. Høgre vil flytte to kommunar til Rogaland, sjølv om innbyggarane i den eine har stemt nei.

Lars Olav Bergsvåg i Etne Høgre

FULLE DANSKAR: Ordførarkandidat Lars Olav Bergsvåg frå Høgre vil ha omkamp om kommunesamanslåing. – Fylkesgrensene blei teikna av fulle danskar på 1800-talet, ler Bergsvåg.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Lars Olav Bergsvåg pakkar ned gjerde og flyttar pallar i Etne. Han er nedriggingssjef på Etnemarknaden.

Hit har 18.000 personar valfarta for tivoli, konsertar og marknad i sommar.

Men sjølv om festivalen blir arrangert i Hordaland, kjem dei fleste gjestane frå Rogaland.

– Vi er jo ikkje så mange i Etne, så dei fleste kjem frå kommunane rundt, spesielt på Haugalandet. Det er kommunane der vi har mest med å gjere.

Bergsvåg er også høgrepolitikar og ordførarkandidat i kommunen. For han handlar tilknytinga til Haugalandet ikkje berre om ein marknad i august, men om kommuneøkonomi, tenester og framgang.

Opptelling, folkeavstemning om kommunesammenslåing Etne og Vindafjord

NEI: Folket i Etne sa i 2016 nei til samanslåing med Vindafjord med 56,2 prosents fleirtal. No vil Høgre ha omkamp.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Verste som kunne skje for Etne

I 2002 melde nabokommunen Ølen overgang til Rogaland, og slo seg etter kvart saman med Vindafjord. I fjor røysta Etne-innbyggarane over om dei skulle gjere det same, men sa nei.

Trass i folkeviljen, vil Bergsvåg ha omkamp.

– Ein av grunnane er fylkessamanslåinga. Det verste som kunne skje for Etne kommune var at Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman. Då blei vi ein endå større utkant i eit endå større fylke, seier han.

Hadde Rogaland blitt med i det nye storfylket, ville Etne ha vore plassert ganske så sentralt.

– Det tek meg like lang tid å køyre til Notodden som til Bergen. Det seier litt om avstandane, seier Bergsvåg.

Etne/Sveio/Vindafjord

– Må jobbe opp mot regjeringa

Etne-ordførar Siri Klokkerstuen (Ap) seier nei til ein ny diskusjon om samanslåing med Vindafjord og dermed innlemming i Rogaland.

– Det er litt kjapt av Høgre å be om omkamp. Vi har hatt store prosessar og gjort ein veldig grundig jobb. Det enda med nei i folkerøystinga, og vi blei einige i kommunestyret om at vi sette vår lit til at Rogaland gjekk inn i Vestland, seier Klokkarstuen.

Men frå nyttår blir det altså eit Vestland utan Rogaland.

– Høgre har ein jobb å gjere opp mot eiga regjering. Dei tvinga Finnmark og Troms i saman, men lét Rogaland vere utanfor Vestland frivillig, seier Klokkerstuen.

Etne-ordfører Siri Klokkerstuen

STIKK TILBAKE: Etne-ordførar Siri Klokkerstuen, som NRK ironisk nok møtte i Haugesund i Rogaland, kjem med eit stikk tilbake til Høgre sit ønskje om omkamp. – Dei tvinga Finnmark og Troms i saman, men lét Rogaland vere utanfor Vestland frivillig, seier ho.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Sveio tilhøyrer Haugalandet

Også i Sveio, på andre sida av Ølen, ser Høgre mot Rogaland.

– Kommunesamanslåing er ikkje tema, men det er regionstilhøyring, seier Lars Einar Hollund, ordførarkandidat i Sveio Høgre.

Han seier Sveio tilhøyrer Haugalandet, og vil vere i same region.

– Det speler inga rolle kva region vi tilhøyrer, så lenge vi er i same region som Haugalandet, seier Hollund.

Lars Einar Hollund, ordførarkandidat i Sveio

VALKAMP: I Sveio har dei fire borgarlege partia sett opp ein valkafé i Sveio sentrum. Lars Einar Hollund, ordførarkandidat frå Høgre i Sveio, seier at dei vil høyre til Haugalandet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK