Hopp til innhold

Vil utsette elektrifisering: Kan få konsekvensar for klimamåla

Geir Pollestad (Sp) opnar for å utsette elektrifisering av norsk sokkel for å avhjelpe straumkrisen. Olje- og energiministeren vil framleis at norske oljeplattformer skal gå på straum.

Revidert nasjonalbudsjett

DISKUSJON: Parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner man må ha ein ærleg diskusjon om at utsettelse av elektrifisering kan ha ein verknad på 2030-målet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

CO₂ i atmosfæren
417.2 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

Parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad, opnar onsdag for å utsette elektrifisering av norsk sokkel, på kostnad av måla om å kutte utsleppa med 55 prosent innan 2030.

– Eg trur vi er tent med ein ærleg diskusjon om at utsettelse av elektrifisering kan ha ein verknad på måla innan 2030, seier Pollestad til NRK.

Elektrifisering av sokkelen går ut på å tilføre oljeplattformer straum frå land for å få ned utsleppa.

Pollestad meiner man må ta omsyn til kraftsituasjonen på fastlandet, og viser til siste tids høge straumprisar.

– Det ville vore veldig rart å diskutere elektrifisering nå utan å ta omsyn til kraftsituasjonen som er på land.

Fra oljefeltet Johan Sverdrup

Gigantutbygginga Johan Sverdrup i Nordsjøen vert drive av kraft frå land.

Foto: Carina Johansen / NTB

Omsyn til fastlandet

Samtidig som Pollestad opnar for å utsette elektrifiseringen, og med det skyve på 2030-målet, seier han at klimamåla ligg helt fast.

– Utgangspunktet er at klimamåla ligg fast, at de må ned, seier han.

Hurdalsplattformen, regjeringsmodellen til Ap og Sp, går inn for vidare elektrifisering av olje- og gassfelt. Det skal i størst mogleg grad skje med havvind eller annan fornybar straum produsert på sokkelen, står det.

– Det ligg i regjeringsplattforma å elektrifisere installasjonar, men det må skje i tråd med behov til industri og folk på fastlandet, seier Pollestad.

SV: – Forunde

Nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, kallar Pollestads utspel forunderlege.

– For å handtere ei krise, skal vi sette ein anna på vent? Det vil bite oss i halen, og føre til enda større problem for oss som samfunn. For oss er dette eit forunderleg utspel frå Senterpartiet, og for oss er det uklart om klimamåla står fast for regjeringspartia eller ikkje, seier Fylkesnes.

Torgeir Knag Fylkesnes

Nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes, seier det er uaktuelt for SV å støtte parti som ser bort ifrå klimakrisen.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Han seier det er uaktuelt for SV å gi regjeringa budsjettstøtte så fremt dei opnar for å skyve på 2030-målet.

– Det er totalt uansvarleg å ikkje ta omsyn til den største kria vi står i. Det er ingen ansvarlege parti som kan gi støtte til parti som ser bort ifrå klimakrisa og som ikkje vil innfri dei måla vi har forplikta oss til internasjonalt.

Energiministeren står fast

Krefter i Senterpartiet vil altså revurdere å sende straum til olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen, men olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) står fast på at han ønskjer å elektrifisere sokkelen.

Det er viktig for framtida, for å få ned klimagassutsleppa og sørgje for at vi kan bruke fornybar energi, seier han til Dagens Næringsliv.

Presiseringa kjem etter at varaordførar Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken (Sp), uttalte at det «verkar litt forhasta å elektrifisere (sokkelen) med den situasjonen vi er i».

Tidlegare har prominente Senterparti-folk som Marit Arnstad (parlamentarisk leiar) og Sigbjørn Gjelsvik (kommunal- og distriktsminister) uttalt det same: At dei ikkje lenger kan stå inne for ideen om kraft frå land.

– Eit klart brot med Hurdalsplattforma, kvitterte regjeringskollega og klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Faktisk.no: «Elektrifiseringa kan kutte norske klimautslepp, men den globale effekten er meir omstridd.»

Olje- og energiminister Terje Aasland flankert av en høyspentmast til venstre og en demning med lav vannstand til høyre.

– Om vi stoppar elektrifiseringa, så er det starten på ein avvikling som ikkje vi vil vere med på. Det er viktig at vi står fast på måla vi har komme opp med, seier olje- og energiminister Terje Aasland til DN.

Foto: ØYSTEIN OTTERDAL / NRK / NTB

16 plattformer skal få kraft frå land

Per i dag er det vedteke at 16 plattformer skal få kraft frå land, og i regjeringsplattforma til Ap og Sp Hurdalsplattforma») står det at regjeringa skal sørgje for vidare elektrifisering av olje- og gassfelt.

Bakgrunnen er at 160 gassturbinar på norske oljeplattformer. I alt står olje- og gassutvinning for 27 prosent av dei nasjonale utsleppa våre.

Noreg har lova å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030.

– Eg tippar Pokémon-korta mine på at regjeringa kjem til å snu, seier Thor Haakon Bakke, som er sentralstyremedlem i MDG og byråd i Bergen.

Han legg til:

– Vi treng rein energi for å få til klimamåla. Då kan vi ikkje sløse med straumen. Det er fullt mogleg, men krev politisk vilje.

Trollutslepet i 1996

Med 369 meter lange bein måtte vekta ned for at denne konstruksjonen ikkje skulle knele. Løysinga var å droppe gasskraftverket om bord på Troll A.

Foto: Equinor

Tidlegare støttespelarar har snudd

I mars fekk Framstegspartiet berre med seg Raudt på eit forslag om å seie nei til å forsyne sokkelen med kraft frå land.

Eit tilsvarande forslag vart lagt fram i mai i fjor, med same resultat.

Det var likevel knytt spenning til utfallet sidan fleire tidlegare støttespelarar har snudd i spørsmålet om å elektrifisere sokkelen med landstraum.

Bakgrunnen er mellom anna høge straumprisar og framskrivingar for den norske kraftbalansen (sjå graf).

I tillegg har krigen i Ukraina skapt forskyvingar langt inn i den norske kraftdebatten.

Høgre, Venstre, SV og MDG har møtt den anstrengde kraftsituasjonen med forslag om å «del-elektrifisere» sokkelen med hybridløysingar der hydrogen, havvind og karbonlagring inngår.

Bergens Tidende/E24 har tidlegare skrive om Odfjell Oceanwind, som påstår at deira havvindturbinar kan bidra med opptil 70 prosent av straumen på ein rigg, og at hydrogen kan erstatte resten av kraftbehovet.

Osebergfeltet

I alt er det vedteke at 16 plattformer skal få kraft frå land, noko som vil redusere utsleppa med 3,2 millionar tonn CO₂. I dag kjem 28 prosent av dei nasjonale utsleppa frå sokkelen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix