Hopp til innhold

Laber støtte til forslag om å skrote straum til plattformene

Trass straumkrisa er det framleis politisk vilje i Stortinget til at oljeplattformene skal gå på straum.

Fra oljefeltet Johan Sverdrup

OLJEFELTET JOHAN SVERDRUP: I dag kjem 28 prosent av dei nasjonale utsleppa i Noreg frå sokkelen.

Foto: Carina Johansen / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Berre Raudt vart med Framstegspartiet på forslaget deira om å seie heilt nei til å forsyne sokkelen med kraft frå land.

Det er konklusjonen etter eit møte i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget i dag. Raudt gav «subsidiær støtte» til forslaget.

Eit tilsvarande forslag vart lagt fram i mai i fjor, med same resultat.

Det var likevel knytt ei viss spenning til utfallet ettersom fleire tidlegare støttespelarar har snudd i spørsmålet om å elektrifisere sokkelen med landstraum.

Bakgrunnen er mellom anna høge straumprisar og framskrivingar for den norske kraftbalansen.

I tillegg har krigen i Ukraina skapt forskyvingar langt inn i den norske kraftdebatten.

Forslaget til Frp om å stogge elektrifiseringa vart lagt fram før jul.

Eg er skuffa, og trudde at dei andre skulle vere meir imøtekomande, seier Terje Halleland, som er energipolitisk talsperson i Frp.

Eit klart brot med Hurdalsplattforma

I går vart det også klart at det er spenningar blant regjeringskollegaene. I Klassekampen gjekk Sigbjørn Gjelsvik (Sp) ut og sa at han ikkje lenger kan stå inne for ideen om kraft frå land.

Eit klart brot med Hurdalsplattforma, kvitterte klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

I regjeringsplattforma til Ap og Sp («Hurdalsplattforma») står det at regjeringa skal sørge for vidare elektrifisering av olje- og gassfelt.

I dag kjem 27 prosent av våre nasjonale utslepp frå sokkelen, og det er vedteke at 16 plattformer skal få kraft frå land.

Statssekretær Terje Halleland (Frp) møter Norges Bondelag og Agder Bær og Grønt AS i Landbruks- og matdepartementets lokaler i Oslo mandag ettermiddag.

SKUFFA: – Eg er skuffa, og trudde at dei andre skulle vere meir imøtekomne, seier Terje Halleland, som er energipolitisk talsperson i Frp.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Skal kutte halvparten av utsleppa innan 2030

Energipolitisk talsperson i Høgre og ordførar i energi- og miljøkomiteen, Ove Trellevik kallar Senterparti-utspelet for «oppsiktsvekkande».

Sjølv la han fram eit forslag om at «kvart enkelt kraft frå land-prosjekt må vurderast for seg og sjåast i samanheng med krafttilgangen».

I praksis betyr det han vil «del-elektrifisere» sokkelen med hybridløysingar der hydrogen, havvind og karbonlagring inngår.

Liknande løysingar har Venstre, SV og MDG teke til orde for.

Vi kan sjølvsagt ikkje støtte dette forslaget, som bryt klimamåla, seier partileiar i MDG, Une Bastholm.

Ho legg til:

Vi er samde om at vi må droppe elektrifisering med kraft frå land, men MDG vil samtidig krevje at oljeselskapa fjernar utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på andre måtar, for eksempel med havvind og hydrogen.

Lars Haltbrekken representerer SV i Energi- og miljøkomiteen.

– Vi vil elektrifisere med havvind, ikkje straum frå land. Vi må bruke elektrifiseringa som ein motor for å få fortgang på havvindsatsinga, seier han.

Noreg har lova å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030.

Une Bastholm

IKKJE PÅ TALE: – Vi kan sjølvsagt ikkje støtte dette forslaget, som inneber at dei vil bryte dei norske klimamåla, seier partileiar i MDG, Une Bastholm.

Foto: Naina Helén Jåma / NTB

Eg er skuffa

Bergens Tidende/E24 skreiv onsdag om Odfjell Oceanwind, som påstår at deira havvindturbinar kan bidra med opptil 70 prosent av straumen på ein rigg, og at hydrogen kan erstatte resten av kraftbehovet.

Dei einaste som kom Frp litt i møte i energi- og miljøkomiteen var Raudt, som støttar forslaget «subsidiært».

Eg er skuffa, og trur ikkje stemninga i komiteen er representativ, seier Raudt-representant Sofie Marhaug.

Deira eige forslag er at heller ikkje Oskar Wisting-feltet får straum frå land.

Det omstridde feltet ligg 300 km nord for kysten av Finnmark, og har blitt kalla «det neste store oljeslaget i Noreg».

Ifølge Equinor er det ikkje tilstrekkeleg gass i reservoaret til å forsyne Wisting-feltet med kraft, og Frp har difor gått med på å elektrifisere akkurat dette feltet.

– Vi er imot elektrifisering. Men her betyr det at du må gjere om på alt av teikningar og planar, forklarte Frp-leiar Sylvi Listhaug til Aftenposten.