Hopp til innhold

Krigen skaper press om at Noreg må ta ansvar for varmen i Europa

Etter ein vinter med rekordhøge straumprisar er det teikn til at Ukraina-krigen dreier den norske kraftdebatten i «meir solidarisk» retning.

Krigen i Ukraina skaper press om at Noreg må bli «meir solidariske» med straumen sin

SPØR KVA NOREG KAN GJERE: I spørjetimen i dag vil SV ta opp Europas avhengigheit av russisk gass og kva Noreg kan gjere for å redusere denne.

Foto: Statnett

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Søndag heldt den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz tale til Forbundsdagen der han tok til orde for å leggje om energipolitikken i lys av Ukraina-krigen. I dag kjem 40 prosent av gassen i Europa frå Russland.

I talen gjorde Scholz det klart at ein «ansvarleg, framoverskuande energipolitikk» ikkje berre er eit klima- og kraftspørsmål, men også eit spørsmål om tryggleik.

Uttalen var i tråd med sjefen for Det internasjonale energibyrået, IEA, som i januar skulda Russland for å bruke gassen sin til å utøve politisk press.

Noreg er sjølvforsynt med gass, men også her har koplinga mellom energipolitikk og sikkerheitspolitikk vorte tydelegare formulert den siste veka. Symbolisert ved Equinor si avgjerd om å trekke seg ut av Russland.

«Eit vendepunkt», forklarte selskapet, som har investert milliardar i landet gjennom 30 år.

I dag meldte også Hydro at dei ikkje lenger vil inngå kontraktar med russiske selskap.

Norway's PM Jonas Gahr Store is welcomed by European Commission President Ursula Von Der Leyen, in Brussels

FINT Å HA DEG HER: EU-presidenten Ursula von der Leyen seier Noreg har ei viktig rolle å spela når EU skal frigjera seg frå russisk gass. – Difor er det veldig fint å ha deg her, sa von der Leyen då ho møtte statsminister Jonas Gahr Støre sist veke.

Foto: POOL / Reuters

Energipolitikk er sikkerheitspolitikk

Venstre-representant på Stortinget, Alfred Bjørlo, seier «krigen i Ukraina har gjort tre ting krystallklart»:

  • At energipolitikk også er sikkerheitspolitikk
  • At dess raskare Noreg og Europa omstiller seg bort frå fossil over til fornybar energi, dess mindre sårbare er vi for politisk press frå «fossil-diktatur» som Russland.
  • At det er ein heilt meiningslaus og forelda tanke at Noreg skal «låse inne» vår eigen energi og trekke opp stigen til resten av Europa.

Bjørlo legg til:

Debattane om kablar og auka utbyggingstakt av fornybar energi trur eg framover vil handle meir om Noreg si rolle som del av eit større og meir solidarisk europeisk fellesskap, og litt mindre om energiressursane i kvart einskild land.

Jon Evang er fagansvarleg for energi i miljøstiftinga Zero.

Å sende fornybar straum til naboar og nære allierte som Storbritannia og Tyskland har alltid vore god klimapolitikk, no er det openbert også eit viktig sikkerheitspolitisk bidrag, seier han.

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad, kallar angrepet på Ukraina for «eit vasskilje for europeisk energipolitikk». I likskap med Bjørlo håper han at krigen ryddar grunnen for ein norsk energipolitikk som er «meir solidarisk» med Europa.

– Om Noreg for alvor ønsker å stå saman med våre naboland, er utveksling av straum noko av det viktigaste vi kan gjere. Fagre ord om solidaritet blir tomme frasar om vi samstundes tek til orde for å kutte straumkablar til kontinentet, seier han.

Olaf Scholz, Tysklands nye forbundskansler.

VIL HA NORSK KRAFT: Den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz vil leggje om energipolitikken i lys av Ukraina-krigen. I dag kjem 40 prosent av gassen i Europa frå Russland.

Foto: CHRISTOPH SOEDER / AFP

I VG skriv kommentator Astrid Meland at den norske debatten om «arvesølvet» og utanlandskablane no «bør stilne».

Vi kan ikkje dra til kontinentet å krevje at vi skal selje mindre straum via utanlandskablane no, skriv ho.

Tyskland meldte denne veka at dei påskundar planane om å gå over til fornybar energi. Det nye målet er å vere hundre prosent grøne innan 2035. Tidlegare var målet «godt før 2040».

– Noreg har noko verdifullt å bidra med: påliteleg gass, sa statsminister Jonas Gahr Støre til EU-kommisjonen i Brussel sist veke.

Strømkabel

SANKSJONAR FRÅ EU: De utvida sanksjonane som EU vedtok sist fredag rører ikkje ved Russlands eksport av råolje og gass. Ifølge Bloomberg eksporterer Russland gass for 250 millionar dollar i døgnet.

Foto: Energinet

Ein mindre nasjonalistisk tilnærming

Invasjonen av Ukraina har alt endra det energipolitiske landskapet, seier Marius Holm Rennesund, som er kraftanalytikar i Thema Consulting.

Han legg til:

Dei siste dagane har gitt oss eit meir samla Europa, og forsyningstryggleik som i stor grad har vore eit nasjonalt spørsmål vert løfta opp på eit felleseuropeisk nivå. Dette vil antakeleg føre til at den norske debatten vil fokusere mindre på utanlandskablar og meir på å legge til rette for kraftproduksjon.

Tor Reier Lilleholt, kraftanalytikar i Volue Insight, seier til NRK at krigen «har utfordra Noreg til ein mindre nasjonalistisk tilnærming» i kraftdebatten.

Mange ønsker å stenge oss ute frå omverda. Etter kvart blir det nok meir spørsmål om korleis vi kan bidra i Europa, seier han.

I Politisk kvarter onsdag morgon tok Ketil Solvik-Olsen i Frp til orde for å leite etter meir gass, for å gje Europa eit alternativ til russisk gass.

Det same vil Bård Ludvig Thorheim, som er energipolitisk talsperson i Høgre:

Krigen i Ukraina har konsekvensar for energipolitikken. Europa har bestemt seg for å bli mindre avhengig av russisk gass. Det gir Noreg ei nøkkelrolle i å leite, vinne ut og eksportere meir naturgass.

Han legg til:

Derfor bør vi bygge ut meir kapasitet for LNG (naturgass) og røyrleidningar, og 26. konsesjonsrunde må lysast ut no.

Pressekonferanse med Fremskrittspartiet

BETRE MED NORSK GASS: Ketil Solvik-Olsen i Frp vil at Noreg skal leite etter meir gass. Ein ny artikkel i The Economist viser korleis det russiske gasselskapet Gazprom opptrer like mykje som ein utanrikspolitisk handlangar for den russiske presidenten – som eit kommersielt selskap.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ikkje særleg solidarisk

Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, seier dette ikkje er tida for å gjere radikale grep i energipolitikken.

Europa står i ein veldig uoversiktleg situasjon, og vi veit ikkje i dag korleis krigen vil påverke forsyninga verken for Noreg eller Europa framover i tid. Difor er ikkje dette tida for å begynne å reforhandle avtalen om kabelen med Tyskland. Dette må vente til vi er ute av den verste krisa.

Rødt-representant Sofie Marhaug seier til NRK at «vi skal passe oss for å tru at Noreg kan dekke energibehovet til Europa»:

Ein politikk som gjer Noreg til råvareprodusentar vil bety slutten for kraftkrevjande industri som baserer seg på fornybar kraft. Det er ikkje bra om vi vil halde utsleppa nede eller sikre eit skikkelege arbeids- og lønnsvilkår, og det er ikkje særleg solidarisk.