Hopp til innhold

Det norske kraftoverskotet vil vere ete opp innan fem år

Ny rapport slår alarm om det norske kraftoverskotet. I mellomtida er det strid om gevinsten ved å ruste opp og utvide gamle vasskraftanlegg.

9mLiBgQyGRU

RAPPORT SLÅR ALARM: – Om kraftoverskotet blir borte, vil det ha store konsekvensar, seier direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein ny rapport frå Statnett viser at det norske kraftoverskotet vil vere ete opp innan 2026.

«Sidan forbruksveksten er høgast i sør, får Sør-Noreg et kraftunderskot i 2026», heiter det i rapporten. I dag er kraftoverskotet i Noreg på rundt 15 TWh.

– Om kraftoverskotet blir borte, vil det ha store konsekvensar, seier direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen til Klassekampen.

Han foreslår følgjande kur: Modernisering og oppgradering av eldre vasskraft.

Eit ekko av klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap):

Det er på høy tid at vi haustar den lågthengande frukta som ligg i å oppgradere vasskraftverka våre, skriv han i ein kronikk.

I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil auke norsk vasskraftproduksjon, «mellom anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»

Strid om reknestykket

Men kor lågthengande er denne frukta, og kor mykje meir effektivt kan 1667 vasskraftanlegg i Noreg nyttast?

Det er ikkje utan vidare så lett å rekne på.

Dels er det eit kommersielt spørsmål for eigaren av kraftverket, og dels er det eit politisk spørsmål om kor store inngrep samfunnet tillèt.

Og dels er det eit teknisk spørsmål. For 100 år sidan var verknadsgraden i turbinar om lag 82 prosent; no er den rundt 92 prosent. Effekten frå generatorar og transformatorar har dei siste åra stått på staden kvil.

Og på toppen kjem klimaendringane, som gjer at isbreane smeltar og meir vatn kjem strøymande.

Alle desse variablane gjer at det er strid om reknestykket.

Potensielt 20 fleire terawattimar

Ein NTNU-studie publisert i renommerte The International Journal on Hydropower and Dams, vurderer O/U-potensialet (opprusting og utviding) i norske vasskraftverk til 22–30 TWh.

Studien er basert på tjue store fornyingsprosjekt i tida mellom 2000 og 2015.

Sidan har deler av potensialet vorte realisert, så «ein justert prognose» er 15–20 TWh, seier professor Leif Lia, som stod bak studien.

Han nemner «to gode fornyingsprosjekt som illustrerer moglegheitene»:

  • Nedre Røssåga vart utvida med ny tunnel og ny kraftstasjon i 2015. Produksjonen auka tilsvarande straumforbruket for 10.000 bustader (200 gigawattimar, GWh).
  • Lysebotn II gav ein produksjonsauke på 180 GWh. «Einaste synlege naturinngrep er nye portalar inn i fjellet – om du får auge på dei.»
Rapport om potensialet i oppgradere landets vannkraftverk.

STORT POTENSIAL: Ein NTNU-studie publisert i The International Journal on Hydropower and Dams, vurderer O/U-potensialet (opprusting og utviding) i norske vasskraftverk til 22–30 TWh.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Staten er mer nøktern

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er meir nøkterne og reknar potensialet i eksisterande vasskraftverk til 7,6 TWh – eller: «mellom seks og åtte terawattimar».

NRK har vore i kontakt med Norwea (interesseorganisasjon for vindkraftbransjen), Distriktsenergi (interesseorganisasjon for norske kraftselskap) og Norsk Grønnkraft (kraftutbyggingsselskap) – alle legg NVE sitt estimat til grunn.

– Vi vurderer talet til NVE som det mest realistiske, seier Rune Skjevdal i Norsk Grønnkraft.

Aslak Øverås er informasjonssjef i arbeidsgivarorganisasjonen Energi Noreg.

Vi meiner potensialet ligg ein stad mellom NVE og NTNU-professoren sine berekningar, avhengig av prisforventningar, avkastningskrav og skatteregime, seier han.

Han håper den varsla energikommisjonen «kan bringe oss nærare ein felles forståing» av kor mykje det er mogeleg å auke vasskraftproduksjonen i Noreg.

Bildet er tatt under leggingen av rørgate ned til Glomfjord kraftverk i Meløy kommune i Nordland i 1918. Den gang var det ikke samme krav til arbeidsforhold og sikkerhet som i dag.

GLOMFJORD, 1918: Bildet er tatt under legginga av røyrgate ned til Glomfjord kraftverk i Meløy kommune i Nordland i 1918.

Foto: Statkraft

Vedtak før jul: fire utvidingar

Dei nye skattereglane for grunnrente gjer at vi har gått gjennom moglegheitene for utvidingar på ny, seier Olav Osvoll, administrerande direktør hos Eviny Fornybar (tidlegare BKK).

Rett før jul vedtok selskapet å utvide fire av sine i alt 39 eksisterande kraftverk i Vestland. Pris: 300 millionar kroner.

Om det vert gitt konsesjon til alle fire, reknar dei å auke produksjonen med 66 GWh, som svarar til forbruket til rundt rekna 3300 husstandar.

Sørover langs kysten er det Lyse Kraft som er det dominerande kraftselskapet.

Det attverande potensialet for meirproduksjon i våre anlegg er truleg avgrensa, seier administrerande direktør Bjørn Honningsvåg.

Han varslar likevel at dei skal greie ut opprustings- og utvidingspotensialet i kraftverka Røldal-Suldal.

Det oppgraderte kraftverket Lysebotn II sto ferdig i 2018. Utbygginga gav 15 prosent meir energi gjennom å utnytte større fallhøgde, mindre vasstap (flaumtap) og betre verknadsgrad.

Lysebotn 2

LYSEBOTN: Lysebotn II vert kalla «ein milepæl» då statsminister Erna Solberg (H) opna anlegget i 2018.

Foto: Kristofer Ryde

Behov for å investere tungt

Reiser vi austover, kjem vi til Agder.

Framover er det behov for å investere tungt i modernisering av vasskraft, seier Sverre Eikeland, divisjonsdirektør i Agder Energi Vasskraft.

Selskapet har ein prosjektportefølje på opp mot 300 GWh. Noko vedtak er enno ikkje fatta, men Eikeland seier at innføringa av kontantstraumskatt gjer det meir sannsynleg at deler av denne vert bygd ut.

Vasskraftbransjen har over tid klaga over skatteregimet, og vart delvis høyrt då Solberg-regjeringa innførte ein kontantstraumskatt for ny vasskraft i 2020.

Eikeland legg til:

Vi registrerer at det er ulike overslag, men det viktigaste er at vi utnyttar potensialet i vassdraga slik at produksjonen av rein, fornybar energi aukar.

pj1cwkSgN7k

VIL HA MEIR: I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»

Foto: Torstein Bøe / NTB