Hopp til innhold

Usemje om elektrifisering er naudsynt for å nå klimamåla

Venstre foreslår å «supplere» elektrifiseringa av sokkelen med karbonfangst. Andre vil skrote ideen om kraft frå land.

Ormen Lange-landanlegget på Nyhamna i Aukra, vinter og snø.

ORMEN LANGE, AUKRA: FN la i 2021 fram ein rapport som slo fast at fangst og lagring av karbondioksid er helt nødvendig for å oppnå karbonnøytralitet.

Foto: Øyvind Leren / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I eit forslag til Stortinget tek Venstre til orde for karbonfangst og -lagring ved nye olje- og gassprosjekt på norsk sokkel.

– Dette som supplement og alternativ til kraft frå land, skriv forslagsstillarane, som er Alfred Bjørlo, Sveinung Rotevatn og Ola Elvestuen.

Bakom forslaget syng høge straumprisar og framskrivingar for den norske kraftbalansen som i sum har svekka entusiasmen for å elektrifisere sokkelen.

– For å halde kraftprisen på eit akseptabelt nivå og for å sikre kraftintensiv grøn industri på land, må elektrifiseringa av norsk sokkel supplerast, skriv forslagsstillarane.

Det er i dag mellom 20 og 30 karbonfangstanlegg i verda, men prisen er høg. I Noreg symbolisert ved «månekrasjen» på Mongstad i 2007.

Men trass tilbakeslaga har håpet levd, og i 2020 vart fangstprosjektet «Langskip» lansert av oljeministeren som «det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne» (sjå korleis det skal verke i grafikken under).

CO2 fanges på et søppelanlegg i Oslo, og ved en sementfabrikk i Porsgrunn.
Den lastes over på et spesiallaget CO2-skip.
Skipet seiler til Øygarden utenfor Bergen.
Her losses CO2-en over på noen tanker.
CO2-en fraktes i rør 110 km ut i Nordsjøen.
Før den begraves 2700 meter under havbunnen.
Hvert år vil det seile 183 skip med CO2 til Øygarden.
Hvis Nordsjøen blir Europas CO2-lager vil opp mot 5000 skip ankomme Vestlandet hvert år.

– Vert «nulla ut» av utslepp på kontinentet

I ein syrleg tweet utfordrar Sveinung Rotevatn «alle desse folka som var for elektrifisering for eit kvarter sidan» om å gjere greie for korleis dei reknar heim klimagassutsleppa – om kraft frå land ikkje lenger skal vere ein del av likninga.

Han gjentok utfordringa i Politisk kvarter 16. februar.

Om ikkje elektrifisering – kva då?

I 2020 sto olje- og gassutvinninga for meir enn ein firedel (27 prosent) av norske klimagassutslepp.

Sveinung Stensland (H) kvitterte i Politisk kvarter med at kraft frå land er dårleg klimapolitikk på grunn av effekttapet i «skjøteleidningaene» og fordi det er «meir fornuftig» å brenne gassen i nye og meir effektive turbinar framfor å sende den same gassen til kontinentet.

Resonnementet bygger på at den norske sokkelen er omfatta av kvotesystemet i EU, og at norske kutt vert «nulla ut» av utslepp på kontinentet.

Miljøstiftinga Zero meiner denne måten å argumentere på røper eit altfor «statisk syn på kvotesystemet», som ikkje tek innover seg den fleksibiliteten som ligg i at EU kan slette kvotar kvart år.

(Sjå korleis Naturvernforbundet og Greenpeace svarer på utfordringa i faktaboksen under.)

– Rotevatn får starte med sine egne

Eit breitt fleirtal i fylkesutvalet i Vestland sa i førre veke nei til at oljefelta vest for Bømlo skal drivast med straum frå Samnanger.

3. juni i fjor bad den same fylkeskommunen om at NVE skulle «prioritere» nettopp Samnanger i ei fråsegn om kraft frå land.

– Det blir jo vanskeleg å ta fylkeskommunen seriøst når dei surrar slik, seier «teknologioptimist og elektrifiseringstilhengar» Ove Trellevik (H) i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Torsdag meldte Aftenposten at Høgre og Frp saman sørgjer for at det blir straumkabel til Wisting-feltet i Barentshavet.

– Om vi skal gå vekk frå det no, så må vi gjere om på alt av teikningar og planar, forklarte Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Gruppeleiar for Senterpartiet, Sigrid Brattabø Handegard, avviser skuldingane om at ho vinglar eller «snur kappa etter vinden».

– Vi trekkjer i bremsen. Det ville vore uansvarleg å seie vilkårslaust ja til å elektrifisere Krafla og Noa med landstraum, seier ho.

Til tweeten frå Rotevatn om å ha snudd i løpet av «det siste kvarteret», seier ho:

– Venstre i Vestland står bak det same vedtaket. Så om Rotevatn vil ha debatt, så kan han starte der.

Dermed går turen til gruppeleiaren i Venstre, Geir Kjell Andersland.

– Å vere positiv til elektrifisering av sokkelen kan ikkje bety at du blindt skal støtte kvar konsesjon. Denne stemmegivinga er ingen abdikasjon frå klimamåla, seier han.

Goliat-flyteren 1

GOLIAT: Noreg har lova å kutte mellom 50–55 prosent av CO₂-utsleppa fram til 2030. I dag kjem 28 prosent av våre nasjonale utslepp frå sokkelen.

Foto: Eni Norge

– Elektrifisering av sokkelen må skje med havvind

Andersland legg til at han kan kome til å seie ja om havvind kjem på bordet.

Det same seier gruppeleiar for SV i fylkestinget, Marthe Hammer.

Ho viser til SVs landsmøtevedtak om at «at elektrifiseringa av sokkelen berre kan forsvarast gjennom ein kombinasjon av kraftig auke i CO₂-avgifter på sokkelen, kombinert med eit pålegg om at oljenæringa må skaffe straumen sjølv gjennom oppbygging av offshore havvind».

– Elektrifisering av sokkelen må skje med havvind, og oljenæringa må sjølv betale for det, seier ho til NRK.

Gruppeleiar for Vestland Arbeidarparti, Anne Gine Hestetun, seier at «klimamåla ligg fast» sjølv om ho sa nei til elektrifisering i denne konkrete saka.

– Det var ikkje eit absolutt nei. Vi vurderer kraftsituasjonen fortløpande, og om denne endrar seg gjev det rom for nye vurderingar.