Vil unngå «VM-fadese» når Bergen feirar 950 år

Kritikarar har sykkel-VM friskt i minne når byrådet i Bergen vil bruke fleire millionar på jubileumsfest. – Dette kjem ikkje til å ese ut og bli dobbelt så dyrt, lovar byråden.

Publikum langs løype opp mot Fløyen

FOLKEFEST: Sykkel-VM vart ein stor folkefest, men økonomien har skapt store negative ringverknader i etterkant.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Med eit festbudsjett på 8,3 millionar vil kulturbyråd Julie Andersland (V) få til ein real folkefest når Bergen fyller 950 år i 2020.

– Vi ønsker å løfte fram drivkrafta og det som har gjort bergensarar og vestlendingar til det dei er, seier ho.

Gruppeleiar for Raudt i bystyret, Sofie Marhaug, tykkjer festbudsjettet er i høgste laget.

Fryktar ny «folkefest-fiasko»

Marhaug har den økonomiske fiaskoen etter sykkel-VM friskt i minne.

– Eg synest det er i overkant å bruke så mykje pengar på nok ein folkefest. Då vi fekk presentert det første budsjettet for sykkel-VM var det på rundt 15 millionar, og vi veit jo alle at det eskalerte.

Marhaug meiner kommunen må vise måtehald.

– Ein symbolsk sum på nokre hundre tusen kroner er meir passande. Det er ikkje kommunen si primæroppgåve å bruke pengar på dette. Det er andre ting vi heller burde prioritere.

Sofie Marhaug

KRITISK: Sofie Marhaug, gruppeleiar for Raudt i Bergen bystyre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– 950 år er ikkje noko å feire

Kulturbyråden har ikkje lagt opp til at kommunen skal ta heile rekninga.

– Vi set av fire millionar årleg til slike arrangement, og i 2020 vil vi bruke heile denne potten til jubileet. Vi sparar også ein del av pengane i åra fram mot festen, men vi treng midlar i tillegg, fortel Andersland.

Det trur finansmann og tidlegare sponsorsjef i DNB, Jakob Lund, kan bli vanskeleg. Det økonomiske rotet i forbindelse med sykkel-VM har gått hardt utover fleire aktørar i arrangementsbransjen i Bergen.

– Eg trur ikkje næringslivet vil betale for ein fest der bergensarane feirar seg sjølve. Det bør kommunen finansiere med folket sine skattepengar, meiner han.

Han synest ikkje eit 950-årsjubileum er noko å feire i det heile.

– Hadde byen blitt 1000 år hadde det vore noko anna. Dette er berre ein måte for bergensarane å ta på seg flosshatten på.

Klima, kultur og næringsbyråd Julie Andersland (Venstre) i Bergen

VIL FEIRE: Byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland (V).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil ikkje la seg stoppe av «økonomiske rotehovud»

Andersland heldt fast ved at markeringa er viktig.

– Vi har ei historie å vise fram. Arrangementet kjem ikkje til å ese ut og bli dobbelt så dyrt, lovar ho.

Ho får medhald frå omdømmeekspert Trond Blindheim.

– Det er mogleg at mange sit att med eit negativt inntrykk etter sykkel-VM, men eg trur dei fleste hugsar det som ein stor og fantastisk folkefest.

Blindheim meiner markeringa er viktig for å vise kva for rolle byen har spilt gjennom tidene.

– Dette er ein unik sjanse til å vise fram byen med alt det inneber av både kultur- og arkitekturhistorie. Ein må ikkje slutte å feire seg sjølv berre fordi det finst nokre økonomiske rotehovud i Bergen.