Hopp til innhold

Vil ta kampen i kommunane

Regjeringa legg opp til at kvar enkelt kommune skal få bestemme om legane skal ha høve til å nekte å vise til gravide til abort. Sogn og Fjordane SV er budde på å ta den kampen.

Hege Lothe

VIL TA KAMPEN: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV, er klar på at partiet vil ta kampen om reservasjonsretten rundt omkring i kommunane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dei meiner det er viktig at alle kommunar, både små og store, skal kunne tilby innbyggjarane det same fastlegetilbodet. Om ikkje vil det ikkje vere likskap for lova, viser dei til.

– SV meiner at vanlege fastlegar ikkje skal ha reservasjonsrett. Det betyr at fastlegane skal vise til eller søkje om abort for pasientar som ber om det, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV, Hege Lothe.

Over heile landet har saka ført til diskusjonar, og ei rekkje ordførarar har allereie rasa over at det no blir opp til kommunane å avgjere om fastlegar skal kunne nekte å vise vidare til abort.

Meiner regjeringa må bestemme

Saka var eit viktig tema under Sogn og Fjordane SV sitt fylkesårsmøte denne helga, og fylkesleiar Hege Lothe er klar på at partiet er klar for å kjempe for sitt syn i kommunestyra landet rundt.

Aller helst skulle ho sett at den vart avgjort høgare i systemet.

– Vi meiner dette er ei sak som bør vedtakast i Stortinget. Fordi det er ei nasjonal sak av nasjonal betydning, og vi meiner det skal vere likt over heile landet.

Lovar å ta kampen

Men når regjeringa no altså legg opp til at kommunane skal få bestemme, skal SV stå langt framme i køen for å vinne fram lovar ho.

– Nøkkelen er kommunestyra. Eg som kommunestyrerepresentant i Gloppen skal ta dette opp med mitt kommunestyre, og dei andre SV-representantane skal gjere det same.

– Kan ein vinne denne kampen?

– Eg trur det er mange lokale politikarar som tenkjer at legane deira ikkje skal ha denne reservasjonsretten.

– Men bør ikkje legane får lov til å seie nei mo dei har sterke moralske problem med å vise vidare til abort?

– Ein har akseptert at legane som jobbar på sjukehus har reservasjonsrett, men vi meiner det blir feil at fastlegane skal kunne reservere seg mot å sende ein slik søknad på vegner av pasientane sine, seier ho.