Hopp til innhold

Fire har døydd sidan 2013: – Dei tek ikkje nok omsyn til tryggleiken

Fire personar har mista livet i basehoppulukker i Aurland sidan 2013. No vil ordføraren i kommunen nekte hopparane å ta helikopter opp på toppen av fjellet før dei kastar seg utfor.

Basehopp i Gudvangen

GUDVANGEN: Ekstremsportfestivalen har sidan 1998 arrangert basehopp-konkurranse ved Gudvangen. No kan dei for første gong få flyforbod under festivalen.

Foto: Anette Kvamsdal / Ekstremsportveko

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland har lenge vore kritisk til basehopping og i verneområdestyret for Nærøyfjorden fekk han fleirtal for å nekte Ekstremsportveko å bruke helikopter. Festivalen fryktar no for tryggleiken til basehopparane.

– Det er ein aktivitet som etter mitt syn burde vore strengare regulert. Det er mitt generelle syn at basehopping ikkje tek nok omsyn til tryggleiken for dei som hoppar eller leitemannskap, seier Distad.

Vil ha forbod

Han har ved fleire høve tatt til orde for eit forbod mot den farlege sporten.

– I utgangspunktet er det ikkje tillate med motorisert ferdsel i verneområdet og skal det gjerast unntak må det vere ein aktivitet som fremjar verneføremålet. Eg kan ikkje sjå at basehopping er ein slik aktivitet, seier Distad.

Men Distad møter motbør, ikkje minst frå sin ordførarkollega i nabokommunen Voss, Hans Erik Ringkjøb (Ap). Han meiner verneområdestyret set kjeppar i hjula for festivalen.

Totalt har seks personar omkome i luftsportulukker i Aurland sidan 2013. Ingen av dei har skjedd i samband med Ekstremsportveko.

– Dette avslaget rammar først og fremst Ekstremsportveko, og det har ingen eller liten effekt når det gjeld sjølve aktiviteten, meiner Ringkjøb.

Berre éin dag

Han peikar på at Ekstremsportveko har avgrensa helikopteraktivitet i Nærøyfjorden til ein dag.

– På same tid er det fritt fram for båtar og cruiseskip å ferdast i verdsarvområdet. Her er det noko som ikkje heng saman, meiner han.

Leiinga i Ekstremsportveko har sagt at dei vil klage på vedtaket. Voss-ordføraren seier han vil prøve å få med seg kommunestyret på Voss til å komme med ei uttale i saka.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar voss

VOSS-ORDFØRAR: Hans- Erik Ringkjøb meiner Ekstremsportveko bør få lov til å bruke helikopter under basehopp-konkurransen.

Redd for tryggleiken

Anders Opsal Mæland har drive med basehopp i seks år og vore delaktig i Veko sidan 2009, dei siste to åra som tryggleiksansvarleg.

Ein dag under arrangementet er det basehoppingskonkurranse, der det er brukt helikopter for å frakte opp både deltakarar og sikkerheitsapparatet. Mæland er redd vedtaket kan gå utover tryggleiken.

– Heli-dagen har vore ei ypparleg anledning til å gi utøvarane som kjem frå heile verda ein grundig sikkerheitsbrief og moglegheit til å styre gjennomføringa. No kjem utøvarane til å gå i mindre grupper, til ulike tider, i eit område dei kanskje ikkje kjenner frå før, uttaler han.