Hopp til innhold

Han vil ta opp kampen for forbod

No vil Aurland-ordførar forsøke å bevise for justisministeren at det er behov for basehopp-forbod i kommunen.

Noralv Distad i Gudvangen

VIL BEVISE: Ordførar, Noralv Distad ønsker no å dokumentere at det er behov for basehopp-forbod i Aurland.

Foto: NRK

– Eg kan legge ned forbod i enkeltområde av omsyn til redningsmannskapet som utøver stor risiko i arbeidet. Det ligg ikkje til grunn i dette tilfelle, seier Justis- og beredskapsminister, Per Willy Amundsen.

Han har ikkje makt til å legge inn eit forbod mot basehopping på generelt grunnlag. Berre om livet til redningsmannskap skulle vere i fare, kan han forby basehopping i enkelte område.

Til dømes har det sidan 1986 vore ulovleg å kaste seg utfor kanten av trollveggen i Møre og Romsdal i vingedrakt. Amundsen meiner det ikkje er aktuelt i Aurland.

Vil bevise at ein treng forbod

I Aurland kommune har ein no opplevd si sjette dødsulukke i samband med basehopping. Ordførar, Noralv Distad gjorde eit forsøk i 2013 for å få lagt restriksjonar på aktiviteten. Då fekk han nei.

Etter dei igjen opplevde to alvorlege ulukker i samband med sporten denne veka, er ordføraren budd på å ta opp kampen på nytt.

Redningshelikopteret har henta ut skadd basehoppar i Flåm

HENTA: Her henta redningshelikopteret ein mann som vart alvorleg skadd i basehopp-ulukke i Flåm.

Foto: Martin Nesbø

– Det som bekymrar oss er at det er ein sport med stort omfang. Dette rammar også bygdesamfunnet og hjelpemannskapet. Det er tragiske hendingar og vi har alt for mange av dei, seier han.

Han har allereie sendt brev til lensmannen og bedt om eit møte med han og andre som har vore involvert i dei to siste ulukkene. Ifølge Distad har basehoppinga fått større omfang, og no vil han kartlegge dei to ulukkene for å sjå om han har grunnlag for å gå vidare til departementet.

Per-Willy Amundsen

VIL IKKJE FORBY: Justisminister, Per Willy Amundsen, ser førebels ingen grunn til at det skal bli noko forbod i Aurland.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Om vi greier å dokumentere at det er stor fare for ulukker her, og at det er stor risiko for redningsmannskapa, bør det vere grunnlag for ei slik forskrift hos oss, seier Distad.

Justis- og beredskapsminister, Per Willy Amundsen seier det ikkje er vurdert noko forbod i Aurland, og at ein heller må oppmode dei som utøver sporten til å vere forsiktige.

– Det er alltid veldig tragisk med slike ulukker, og det er viktig å ta alle forholdsreglar og tenke tryggleik når ein driv med slike risikosportar, seier Amundsen.