Hopp til innhold

Fryktar for tryggleiken til basehopparane etter fly-nekt

Ekstremsportveko må klara seg utan helikoptertransport for basehopparane i Gudvangen i 2019. Det har Nærøyfjorden verneområdestyre bestemt.

Basehopping i Gudvangen

POPULÆRT: I Gudvangen vert det gjennomført fleire tusen basehopp i året.

Foto: Arnstein Karlsen

– At vi ikkje får bruke helikopter, for første gong på dei 20 åra vi har arrangert, kan få konsekvensar for tryggleiken, seier dagleg leiar for Ekstremsportveko, Kjetil Kriken.

For tidlegare i veka avslo Nærøyfjorden verneområdestyre Ekstremsportveko sin søknad om å transportera basehopparar opp i fjellet med helikopter.

Det var avisa Hordaland som først skreiv om saka.

Ein dag i året

Kvart år sidan 1998 har Ekstremsportveko på Voss samla tusenvis av ekstremsport-utøvarar frå heile verda. Festivalen er den største i verda av sitt slag og basehopping er ein av mange aktivitetar som skjer.

– Tysdagen under Ekstremsportveko har vi basehoppingskonkurranse. Der har vi brukt helikopter for å frakte opp både deltakarar og sikkerheitsapparatet, seier Kriken.

Ekstremsportsveko.

SJEF: Kjetil Kriken er sjefen for Ekstremsportveko som kvart år trekk tusenvis av deltakarar til Voss.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Fjellet dei hoppar frå ligg i Gudvangen og innanfor det verna området rundt Nærøyfjorden.

Det har vore fleire ulukker i samband med basehopping i området og i fjor omkom ein amerikanar som var deltakar under Ekstremsportveko.

– Vi er for regulering av basehopping til slike arrangement og vi samlar våre basehopparar til det vi kallar «helidagen» der vi brukar helikopter til å fly dei opp. Då får vi på plass eit større sikkerheitsapparat. Vi leiger også inn blant anna inn Røde Kors og ambulanse. Dette vert gjort for å skapa tryggare forhold enn om basehopparane driv på eiga hand, seier Kriken.

– Kvifor treng dokker helikopter?

Det handlar om at vi i Ekstremsportveko skal kunne forme eit arrangement med det apparatet vi har. Når vi ikkje får helikopter tar det fleire timar å gå opp til der ein hoppar frå. Då vert det vanskelegare å komprimere det og få tidspunkta til å passa for dei mannskapa vi har på bakken, seier han.

Fleire dødsulukker

Sidan 2013 har det vore seks dødsulukker med basehopparar i Aurland kommune, og ordføraren har prøvd å få eit forbod i fleire år.

I Nærøyfjorden verneområdestyre sitt det seks personar og leiaren er Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

– Området er verna og då er det generelt forbod mot motorisert ferdsel. Vi vurderte om det var grunn til å gjere unntak, men dette er ikkje ein spesiell og nyttig aktivitet som krev unntak, seier Distad.

– Ekstremsportveko fryktar at det vil gå utover tryggleiken til dei som hoppar?

– Eg ser ikkje at det skal vera ei problemstilling. Det er lov å gå opp og hoppa, men sikkerheita må varetakast. Eg kan ikkje sjå koplinga mellom det og helikopterbruk.

Ekstremsportveko seier at dei vil klage på avgjerda.

Noralv Distad

IKKJE NAUDSYNT: Leiar i Nærøyfjorden verneområdestyre, Noralv Distad, seier avslaget om helikopterbruk er grunna i at området er verna og at basehopping ikkje fremmar verneoppdraget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK