Avinor har starta førebuingane mot neste Nasjonal Transportplan og vurderer å tilrå nedlegging av ein eller to flyplassar i Sogn og Fjordane. Sandane lufthamn er blant dei som er utsette.
Ryssdal provosert
Men Sp-ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner Avinor kjem heil feil ut frå hoppkanten. Han viser til at Avinor sitt arbeid så langt er prega av grove faktafeil.
Ryssdal er kritisk til at Avinor legg opp til ei einvegskøyring mot Sandane lufthamn. Som eit døme viser han til at det er akkurat like langt frå Sandane til Ørsta som omvendt, utan at Avinor vurderer framtida til Ørsta Volda Lufthamn.
– Næringslivet i Nordfjord minst like mykje bruk for flyplassen på Anda som næringslivet i dei andre regionane har for sin flyplass, seier han.
Stiller seg undrande
Ordførar i Ørsta, Rune Hovde (H) meiner på si side det er feil å setje flyplassane i Ørsta og Anda opp mot kvarandre.
– At det er like langt frå Ørsta til Sandane som frå Sandane til Ørsta har ordføraren i Gloppen heilt rett i. Men derifrå til å dra flyplassen i Ørsta inn i ein debatt om kva flyplass som bør leggjast ned, blir heilt feil. Det er totalt uaktuelt å leggje ned flyplassen i Ørsta, seier Hovde.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil ikkje reise sørover
Ørsta Volda Lufthamn har hatt veldig sterk auke dei siste åra, og er no oppe 130.000 reisande i året. 40.000 reiser kvart år til og frå Sandane Lufthamn. Bakgrunnen for den sterke auken ved Ørsta Volfa Lufthamn er dei nye vegsambanda mot ytre søre Sunnmøre og Kvivsvegen som knyter Nordfjord nærare Sunnmøre.
– Ørsta Volda Lufthamn har 10 daglege rundturar til Oslo og det er stort sett mange som reiser med kvart fly. Dei som brukar Ørsta Volda Lufthamn vil ikkje ta ferje sørover for å ta fly frå Sandane, seier han.
– Men har flyplassen dykkar kapasitet til å ta imot heile Nordfjord dersom flyplassen på Sandane skulle bli nedlagt?
– Flya har 39 seter og det seier seg sjølv at det er relativt fullt på dei mest populære tidspunkta på morgonen og ettermiddagen. Men med fleire flypassasjerar må vi ha fleire flyavgangar. Så enkelt er det, seier Hovde.
Ønskjer ikkje nedlegging
Ørsta-ordføraren legg til at han ikkje har noko ønskje om at Sandane lufthamn skal leggjast ned.
– Eg forstår godt at ordføraren i Gloppen kjempar for flyplassen sin og vi har ikkje noko ønskje om at flyplassen på Anda skal leggjast ned. Men det er ingen logikk i å leggje ned den flyplassen det er klart mest trafikk og der det bur klart mest folk, seier Hovde.