Hopp til innhold

Sinne i indre Sunnfjord – jubel i Florø over endring av flyruter

Medan Flora-ordføraren jubla over ruteendringane til Widerøe, er fleire av ordførarkollegane i både Sunnfjord og Ytre Sogn forbanna.

NRK

IKKJE NØGDE I FØRDE: Widerøe flyttar ein avgang frå Bringeland lufthamn to timar fram. Det har vekt irritasjon.

Foto: TONE MERETE LILLESVANGSTU / NRK

I Florø blir rutetilbodet utvida, blant anna til Bergen. Til Firdaposten seier ordførar i Florø, Ola Teigen, at endringane viser at Widerøe satsar i Florø. Det er han godt nøgd med.

Men i Førde vert avgangen frå Bringeland lufthamn til Oslo kl. 09.10 frå 1. april fjerna og erstatta med ein avgang seinare på føremiddagen.

Ruteendringa på Bringeland får Førde-ordførar Olve Grotle til å sjå raudt.

Ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

NEGATIV: Ordførar i Førde, Olve Grotle.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er svært negativt for oss. Vi reagerer kraftig på prosessen, og korleis Widerøe har behandla oss. Vi har hatt fleire møter der vi har fått stadfesta at ingenting negativt skulle skje med rutene. Så skjer dette utan at vi har fått beskjed på førehand, seier Grotle.

Prata berre med Florø

I samband med endring i Florø-ruta har Widerøe snakka med Flora-ordføraren, men informasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, innrømmer at dei ikkje har prata med politikarane i dei andre kommunane.

– Vi har prata med ordføraren i Florø, fordi vi har stor oljetrafikk med mange passasjerar der, men utover det har vi ikkje involvert dei ulike flyplassutvala.

Solli seier dei har flytta den eine morgon-avgangen frå Førde, fordi det passar best inn med det andre rutenettet i regionen.

Vil få konsekvensar

Men når ni-avgangen frå Førde til Oslo blir flytta to timar, vil det få følgjer for næringslivet, fryktar Vegard Skår, salsdirektør i Hansen Technologies.

– Vi har ikkje så godt tilbod frå før, og no blir det dårlegare. Dette gjer det vanskelegare å vere ei god teknologiverksemd i distriktet, seier han.

Verksemda har mellom andre 120 store nordiske kraftselskap på kundelista, og er storforbrukar av lufthamnen. I 2017 hadde dei 510 flyavgangar, med ein markant auke i fjor. Dei er heilt avhengige av å møte kundane sine.

– Med ny rute er vi i hovudstaden når det meste av arbeidsdagen allereie er brukt opp. Det påverkar møtetidspunkt, som ofte er rundt lunsj. For oss blir dette nesten eit tilbod vi ikkje kan nytte oss av, seier Skår.

I tillegg kursar dei kundane sine, som difor også er flittige brukarar av Bringeland.

– Dette gjer at vik ikkje kan tilby tenestene våre på ein måte vi ynskjer, seier han.

Stort sett nøgde

Ifølgje informasjonssjefen i Widerøe er det berre denne eine avgangen frå Førde som har vekt irritasjon. Både lufthamna på Sandane og i Sogndal endar opp med å få ein betre rutetabell etter endringane

– I Sogndal får dei ein ekstra avgang til Bergen og ein til Oslo. Så med unntak av Førde, er dei andre tilfredse, seier Solli.