Hopp til innhold

Vil diskutere regionreforma på nytt

Det går mot ein omkamp om fylkessamanslåinga i fylkestinget i oktober. Spørsmålet er om Stortinget kjem til å bry seg om fylkespolitikarane skulle snu.

Tore Storehaug

VENTER OG SER: Tore Storehaug og KrF vil vente og sjå før dei uttalar seg om fylkestinget i Sogn og Fjordane sitt eventuelle vedtak.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Vi har ikkje gitt noko signal om at vi har tenkt å snu i regionreforma, seier KrF sin ferske stortingsrepresentant Tore Storehaug.

I Senterpartiet håpar dei likevel at KrF skal gjere nettopp det. Den 17. oktober skal fylkestinget i Sogn og Fjordane samlast for første gong etter valet, og Senterpartiet har varsla at dei vil diskutere samanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane på ny.

– Vi ønskjer jo å oppheve den samanslåinga som har vore, og meiner vi bør diskutere dette på nytt før vi går inn i ei eventuell samanslåing, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes.

Kan få Arbeidarpartiet med seg

Skal det kome noko nytt ut av diskusjonane i fylkestinget, må også Arbeidarpartiet ønskje å gå i mot samanslåinga. Det er ikkje umogleg at dei gjer det, men dei skal ta endeleg stilling til saka på eit gruppemøte på måndag.

Skulle fylkestinget snu, håpar Reksnes og Senterpartiet at Stortinget også gjer det.

– Dei partia som er motstandarar av regionreforma gjekk jo fram i valet. Dessutan syner meiningsmålingar at folket i Sogn og Fjordane er mot. Skal vi berre køyre på vidare utan å lytte til det?

Sigurd Reksnes

VIL OPPHEVE SAMANSLÅING: Sigurd Reksnes og Senterpartiet håpar dei skal klare å oppheve samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

KrF vil framleis ha reform

Det verkar likevel ikkje som om det er heilt sikkert at Senterpartiet kan rekne med å få med seg KrF til å snu vedtaket om fylkessamanslåinga i Stortinget.

KrF har sagt at det er fleire ting med regionreforma dei ikkje er heilt fornøgde med, men Storehaug vil likevel ikkje seie at dei er klare for å oppheve dei vedtaka som er gjort.

– Vi er jo eit av dei partia som står bak heile reforma. Og sjølv om det er delar av innrettinga vi ikkje er heilt fornøgd med, så har Sogn og Fjordane fått ein god avtale med Hordaland, seier den nyvalde representanten.