NRK Meny
Normal

Regionreforma kan vere i det blå med Jonas

Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane er klare til å avlyse samanslåinga av Vestlandet, og Jonas Gahr Støre vil lytte til dei.

Jonas Gahr Støre besøker Vestlandet.

VIL LYTTE: Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre seier at han vil lytte til det lokalpolitikarane i Sogn og Fjordane landar på i spørsmålet om regionreforma.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Val

– Om fylkestinget skulle behandla denne saka i morgon, ville eg ha røysta nei til ei samanslåing, seier fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide (Ap).

Og han er ikkje åleine. Arbeidarpartiet sikra eit fleirtal for ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane i vinter, men har i ettertid snudd. No er dei imot ei slik samanslåing.

Måndag sa Jonas Gahr Støre at han vil lytte til lokalpolitikarane om dei skule finne på å snu i regionreforma.

I vinter røysta 11 mot og 19 for ei samanslåing av dei to fylka i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Det var Ap som sikra dette fleirtalet, og når dei no har snudd er det ikkje lenger fleirtal for ei samanslåing.

Av Arbeidarpartiet sine ni representantar i fylkestinget, seier fem til NRK i dag at dei er klare til å røyste nei til regionreforma om saka kjem opp på nytt. Med det er det eit fleirtal mot samanslåing i fylkestinget.

– Regionreforma er eit mageplask. Det er ikkje ei forvaltningsreform, men ei grensejustering. Regjeringa har ikkje lagt nye oppgåver på bordet, seier fylkestingsrepresentant Harald Bjarte Reite.

Torbjørn Vereide

KLAR TIL Å RØYSTE NEI: Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet er klar til å røyste nei til regionreforma om saka kjem opp i fylkestinget på ny.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Nokon må fremje saka for fylkestinget

Då er spørsmålet om fylkestinget kjem til å behandle saka på nytt.

– Eg legg til grunn at saka kjem til å kome opp på nytt om det skulle bli eit nytt fleirtal på Stortinget etter valet, seier Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet. Han ser føre seg at regionreforma kjem til å kome opp på fylkestinget igjen til hausten.

Og med det ligg alt til rette for ein snuoperasjon i fylkestinget.

– Då vil vi lytte til det, sa Jonas Gahr Støre måndag.

Signering

KAN ENDE I DET BLÅ: Her signerer fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avtalen om samanslåing med Hordaland.

Foto: Mette Anthun / NRK

– No må Arbeidarpartiet slutte å vingle

KrF sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Tore Storehaug, er forundra over at Arbeidarpartiet ser ut til å ha snudd i saka om ei vestlandssamanslåing.

– No må Arbeidarpartiet snart bestemme seg. Kva er det dei meiner om denne saka? Arbeidarpartiet snur kappa etter vinden om dagen, no må dei snart klare å stå for noko.

Tore Storehaug

LEI AV VINGLING: Tore Storehaug frå KrF er lei av det han kallar vinglinga til Arbeidarpartiet. Han etterlyser eit klart svar frå Jonas Gahr Støre om kva han eigentleg meiner om regionreforma.

Foto: Peter Lang

Storehaug mistenker at Støre eigentleg er for regionreforma, men at han er uklar med vilje når han driv valkamp i Sogn og Fjordane. Der er folket nemleg skeptiske til ei samanslåinga. I Hordaland, der folket er positive, har Støre uttalt seg positivt.

– Eg vil be folk merke seg kva det er Støre faktisk seier. Han seier ikkje at han vil "lytte" til Arbeidarpartiet lokalt. Kva betyr det å "lytte"? Det betyr ingenting. Eg trur Støre kjem til å sikre eit vestlandsfylke om han blir statsminister.

Vegopning på Bergum i Førde kommune