Hopp til innhold

KrF vil ha fleire oppgåver til regionane

KrF varslar ein gjennomgang av regionreforma for å få flytta fleire oppgåver frå Staten til regionane. Misnøya med reforma får Liv Signe Navarsete (Sp) til å håpe på å berge Sogn og Fjordane som eige fylke.

Trude Brosvik

VIL HA FLEIRE OPPGÅVER: Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, vil samarbeide med Sp og Ap.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I valkampen gjekk KrF sin partileiar Knut Arild Hareide ut i Nationen og kalla regionreforma for eit "uferdig produkt", som "ikkje vil stå seg i det lange løp".

KrF-leiaren sa at han var misnøgd både med oppgåvene og strukturen. No er partiet kome på vippen i Stortinget. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, vil gå til Ap og Sp for å endre på reforma.

– Det må vere i alle si interesse å få på plass fleire oppgåver og fullføre reforma slik at den blir vellukka og står seg i lang tid, seier Brosvik.

Trur ikkje sjølve samanslåingane blir reversert

Stortinget vedtok 8. juni at dagens 19 fylke blir til 11 inkludert Oslo. Fleire av samanslåingane blir gjort med tvang. No vil KrF ha nye rundar i Stortinget.

Men fylkesleiaren trur ikkje det blir omkamp om sjølve samanslåingane av fylka:

– Eg ser ikkje for meg at vi skal lage uvisse om viljen til regionar. Eg ser at Ap er tydelege på at dei vil ha regionreform, men at den var byrja feil med at ein ikkje tok oppgåvene fyrst. Då tenker eg at med nytt fleirtal på Stortinget kan ein verkeleg syne at ein meiner noko med å flytte ut oppgåver, slik at ein får reforma meir vellukka enn det har sett ut til i starten, seier Brosvik.

​ Kvifor har ikkje KrF alt ordna dette under forhandlingane med samarbeidspartia?

– Det fekk vi ikkje til, for å seie det slik.

Håpar å få stoppa samanslåingane

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) ynskjer ein gjennomgang velkomen, ho vil gå lenger enn Brosvik og gjerne stoppe dei ufrivillige samanslåingane.

– Eg ser positivt på dette, ei ny runde gir nye moglegheiter til å diskutere om dei vedtaka som er gjort er rette, seier Navarsete.

Liv Signe Navarsete

HÅPEFULL: Liv Signe Navarsete (SP) under valvaka i Førde måndag.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Sp-politikaren har lagt merke til utspelet frå KrF.

– Eg har forstått Hareide slik at han anten meiner vi bør gå tilbake på det som er gjort, eller endre innhaldet det som er vedteke. Om det blir slik at strukturen som er vedteken blir verande, er det uansett positivt at ein ser på å få ut reelle nye oppgåver. Innhaldet som ligg der i dag greier dagens fylke fint på eiga hand, seier Navarsete.

– Eit stebarn dei vil kaste ut

Navarsete trur saka heng på Ap framover.

– Frp og Høgre vil jo helst avvikle regionnivået, og regionane blir dermed eit stebarn dei helst vil kaste ut, seier Navarsete.