Hopp til innhold

Fellesforbundet ber om ro i Kirketeig-saka

Styret i Fellesforbundet avdeling 19 ber medlemene vere saklege etter den opprivande rettssaka der Jarle Kirketeig vann og fekk att jobben.

Bjørn Kormeseth

NESTLEIAR: Bjørn Kormeseth har sendt brev til alle medlemene i Fellesforbundet avdeling 19.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I følgje avisa Firda har Fellesforbundet si avdeling her i fylket skrive brev til dei kring 2000 medlemene her i fylket der styret oppmodar medlemene om å tenkje seg om før dei ytrar seg i saka.

Det er nestleiar Bjørn Kormeseth som har signert brevet, der han mellom anna sler fast at saka er vanskeleg og at den har utløyst eit sterkt engasjement.

– Vi ser at det kjem meiningsytringar som ein kanskje vil angre på i ettertid. Vi vil difor minne dykk alle om at det er menneske som er involvert i denne konflikten, og oppmodar difor om å argumentere sakleg, skriv Kormeseth ifølgje Firda.

Fellesforbundet avdeling 19 sa i fjor opp Jarle Kirketeig som organisasjonsarbeidar. Nyleg fall det dom i arbeidsrettssaka mellom Kirketeig og forbundet. Der fekk Kirketeig jobben attende og ei oppreisning på 175.000 kroner. Kirketeig fekk medhald i at han over lang tid har blitt trakkasert av leiar Magne Ulvatn.

Styret i Fellesforbundet avdeling 19 har bestemt seg for å anke tingretten si avgjerd, trass at dei blei advart mot dette frå forbundsleiar Arve Bakke.