Hopp til innhold

Fylke innfører nye varslingsrutinar etter alvorleg mobbesak

Vestland fylke vedtek nye varslingsrutinar etter rapport om «systematisk trakassering og mobbing» ved vidaregåande skule.

fylkeshuset i Bergen

MOBBESAK: Ei mobbesak avslørte alvorleg svikt i varslingsrutinane ved fylkeshuset i Bergen.

Illustrasjon: Vestland fylkeskommune

– Vi ønskjer å lære av saka slik at vi handterer framtidige varsel på best mogleg måte, seier fylkesdirektør i Vestland, Rune Haugsdal.

«Saka» er den mykje omtala «mobbesaka» ved Måløy vidaregåande skule i Nordfjord.

Fleire lærarar fekk i januar erstatning etter at ein rapport slo fast at «fylkeskommunen har ikkje i tilstrekkeleg grad varetatt varslarane og andre råka tilsette (...)».

Dei nye rutinane vart samrøystes vedteke av fylkesutvalet tysdag.

I dei nye rutinane blir det poengtert at fylkeskommunen ønskjer at det blir varsla om kritikkverdige forhold.

Rutinane seier vidare at tilsette har plikt til å varsle, mellom anna når det er mistanke om trakassering og diskriminering.

Det er også lagt inn punkt om at varslaren skal takast vare på og at han skal vernast mot gjengjelding.

Bilete av Måløy vidaregåande skule

LEVERTE VARSEL: Eit varsel om kritikkverdige forhold ved Måløy vidaregåande skule har ført til at nye varslingsrutinar er innført i Vestland fylkeskommune.

Foto: Bjarne Eldevik

Feil på feil

Det meste gjekk gale for fylkeskommunen då Håvar Fagerli leverte inn varselet sitt i desember 2020.

46-åringen byrja som avdelingssjef ved Måløy vidaregåande skule i august 2020.

Han seier til NRK at han «raskt fekk ei dårleg kjensle». Fleire av kollegaene verka nervøse, og litt etter litt forstod han at dei var redde for rektor. Då han like før jul sende inn eit varsel mot rektor, vart det i staden oppretta personalsak mot han.

Først etter at lokalavisa Fjordenes Tidende byrja å omtale saka, valde fylkeskommunen å definere det som ei varslingssak.

Seinare slo varslingsutvalet i fylkeskommunen fast at Fagerli var utsett for «systematisk mobbing og trakassering». Fylkeskommunen har vedgått omfattande svikt og i januar fekk han 155.000 kroner i erstatning.

I alt seks tilsette sende varsel mot rektor. Fleire av desse har fått eller vil få erstatning.

Les også Knusande rapport: Rektor mobba og trakasserte tilsette

Fylkeskommunen valde først å definere det som «ein personalsak». No konkluderer dei med at rektoren har drive med «systematisk trakassering og mobbing».

Slakta handteringa av Måløy-saka

Geir Kjell Andersland (V) tok under møtet i fylkesutvalet eit kraftig oppgjer med handteringa av varslingssaka i Måløy.

– Alt gjekk gale i Måløy-saka, både når det gjeld varslingsreglar og arbeidsmiljølov. Det skulle ikkje vore nødvendig å få ei slik sak før det vart gjort noko med varslingsrutinane, sa han, og la til:

– Måløy-saka har vorte eit usedvanleg dystert lærestykke, ei sak med ein bitter bismak.

Geir Kjell Andersland

KRITISK: Geir Kjell Andersland (V) tok under møtet i fylkesutvalet eit kraftig oppgjer med handteringa av varslingssaka i Måløy.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg er samd i at saka i Måløy lèt etter seg både frustrasjon og bismak, sa fylkesdirektør Haugsdal.

Han la til at det no er innført rutinar som tilseier at ein må vere profesjonell og grundig i framtidige varslingssaker.

Svært belastande

Fagerli har tidlegare uttalt at det verste var å ikkje bli trudd. No er han glad nye varslingsrutinar er på plass.

– Det er bra at fylkeskommunen har utarbeidd nye varslingsrutinar. Forhåpentlegvis vil det vere til hjelp for både dei som varsle og dei som tek i mot varsla, seier han.

46-åringen jobbar ikkje lenger ved Måløy vidaregåande skule og har gått over i ei anna stilling.

Håvard Fagerli var tilsett ved Måløy vidaregåande skule

HAR GITT RESULTAT: Takka vere at Håvar Fagerli stod hardnakka på at han leverte eit varsel, måtte fylkeskommunen krype til korset. No blir varslingsrutinane endra.

Foto: Bård Siem / NRK SOGN OG FJORDANE

– Modig gjort å varsle

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Vestland, Hilde Kvamsås Aa, er glad for at det kjem nye varslingsrutinar.

– Dette er ei klar forbetring, der fylkeskommunen har prøvd å lære av feila i varslingssaka i Måløy, seier ho.

Kvamsås Aa meiner det er spesielt viktig at både varslar og den det blir varsla mot, blir varetatt på ein god måte. Samtidig meiner ho at gode retningsliner ikkje er nok i seg sjølv. God opplæring og ei haldningsendring må til, meiner ho.

– Fagerli var modig og han gjorde plikta si då han varsla. Så må vi håpe at fylkeskommunen har lært.

Den omtalte rektoren ved Måløy vidaregåande skule er i dag overført til ei anna stilling i fylkeskommunen. Vedkomande har under heile prosessen ikkje ønska å kommentere saka.