Hopp til innhold

Avdelingssjef krev oppreising etter mobbesak på skule

Då Håvar Fagerli varsla om at han vart mobba på jobben, vart han ikkje trudd. No krev han erstatning frå fylkeskommunen.

Håvar var tilsett ved Måløy vidaregåande skule

BELASTANDE: Håvar Fagerli seier det har vore svært belastande å varsle om tilhøva ved skulen han jobba på. Til slutt greidde han ikkje å jobbe der lenger.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det verste var å ikkje bli trudd, seier Håvar Fagerli, vel eit år etter at han slutta som avdelingssjef ved Måløy vidaregåande skule.

Fagerli slutta etter å ha varsla om at rektor ved skulen mobba og trakasserte fleire tilsette.

Den gong trudde ikkje fylkeskommunen på Fagerli. Det vart i staden oppretta personalsak mot han. Etter kvart varsla også fleire kollegaer av Fagerli om at rektor stod bak mobbing og trakassering.

No får Vestland fylkeskommune kraftig kritikk for handteringa av saka i ein uavhengig rapport:

Blant anna har prosessen tatt for lang tid, varslarane har fått for lite informasjon om prosessen, og fylkeskommunen har ikkje i tilstrekkeleg grad varetatt varslarane og andre råka tilsette (...)

Fagerli vil krevje oppreisingserstatning frå fylkeskommunen.

– Ser ein innhaldet i rapporten, meiner eg det er grunnlag for det. Ikkje berre for min eigen del, men også for andre, seier han.

Fagerli meiner han vart utsett for såkalla «gjengjelding» ved at varslinga førte til negative konsekvensar for han sjølv. Ifølgje Arbeidsmiljølova er gjengjelding ulovleg.

Har krav på erstatning

Hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet, Hilde Kvamsås Aa, meiner Fagerli har krav på oppreising og erstatning.

Mellom anna peiker Utdanningsforbundet på at fylkeskommunen sette Fagerli i ein situasjon der han kjende det nødvendig å fråtre stillinga si.

Forbundet meiner også det har vore mangel på informasjon og oppfølging frå fylkeskommunen si side.

– Rapporten peiker på at ingen i fylkeskommunen hadde ansvar for å følge han opp. Det går ikkje an å meine anna enn at det er veldig trist og beklageleg, seier Aa.

Også Utdanningsforbundet meiner Fagerli har vore utsett for gjengjelding.

Bilete av Måløy vidaregåande skule

JOBBA HER: Det var her ved Måløy vidaregåande skule Håvar Fagerli jobba då han i desember 2020 varsla om at den tidlegare rektoren stod bak mobbing og trakassering.

Foto: Bjarne Eldevik

To av ti blir møtt med sanksjonar

Forskingssjef Sissel Trygstad i Fafo seier deira forsking viser at om lag to av ti som varslar risikerer å bli møtt med represaliar i ulike former under eller i etterkant av at dei har varsla.

Dessverre ser det ikkje ut til at varslarreglane i arbeidsmiljølova har gjort det tryggare å varsle. Delen som blir møtt med represaliar er ikkje redusert, vi ser snarare teikn til ein motsett trend.

Trygstad seier det å varsle på ein leiar eller andre som er høgare oppe i organisasjonshierarkiet aukar sannsynet for represaliar.

Vi ser også at dei som varslar om psykososiale arbeidsmiljøproblem, som trakassering eller mobbing, har større risiko for å bli møtt med sanksjonar enn dei som varslar om andre kritikkverdige forhold.

Beklagar

Fylkesdirektør Rune Haugsdal legg seg flat etter rapporten.

– Det er ikkje slik varslingssaker i Vestland fylkeskommune skal handterast, seier Haugsdal til NRK.

Han seier han har beklaga direkte overfor Fagerli og meiner det var riktig av han og andre å varsle.

Fylkesdirektøren har sjølv bestilt evalueringsrapporten frå advokatfirmaet Kluge.

– Vi har bede om rapporten for å lære. Vi skal gå gjennom varslingsrutinar og må gi betre opplæring til tilsette og leiarar slik at dei er i stand til å handtere denne type saker betre i framtida.

Haugsdal seier dei er i gang med å vurdere oppreisingskravet og vil ikkje svare på om Fagerli vil få erstatning.

Rune Haugsdal

IKKJE GODT NOK: Fylkesdirektør Rune Haugsdal seier rapporten skildrar fleire hendingar der det vart gjort vurderingar som ikkje var gode. No legg han seg flat.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Viktigast at fylkeskommunen tek ansvar

Det var i desember 2020 Fagerli varsla om mobbing og trakassering ved arbeidsplassen.

Først etter at lokalavisa Fjordenes Tidende byrja å stille spørsmål ved saka, vedgjekk fylkeskommunen at det handla om ei varslingssak.

Etter kvart kom også fylkeskommunen sitt eige varslingsutval fram til at rektor hadde stått bak «systematisk mobbing og trakassering». Også varslingsutvalet kritiserte fylkeskommunen for handteringa.

Det er ikkje kjent kor stort oppreisingskravet frå Fagerli er.

Kvamsås Aa seier summen ikkje er det viktige, men at fylkeskommunen gjennom ei erstatning tek det fulle ansvaret og beklagar det som skjedde.

– Det viktigaste er at ein ser framover og kan lære noko av dette, seier Fagerli.

Den omtalte rektoren ved Måløy vidaregåande skule har gått over i ei anna stilling i fylkeskommunen. Vedkomande har under heile prosessen avvist å kommentere saka.