Hopp til innhold

Fleire lærarar får erstatning etter mobbesak

Fylkeskommunen definerte det fyrst som «ei personalsak». No betaler dei erstatning til varslarane etter rapport om «systematisk trakassering og mobbing».

Måløy sentrum

MÅLØY: I alt var det seks tilsette ved Måløy vidaregåande skule som sende varsel mot rektoren.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er glad og letta for at Vestland fylkeskommune endeleg innrømmer at dei har handtert varslinga feil, og erkjenner at dette gir grunnlag for oppreising for fleire av oss, seier Håvar Fagerli til Fjordenes Tidende.

Han er éin av i alt seks tilsette ved Måløy vidaregåande skule som sende varsel mot rektoren.

Avtalen seier at han får 80.000 i erstatning for økonomisk tap og 75.000 i oppreising.

Utbetalinga kjem etter at advokatfirmaet Kluge har evaluert heile prosessen.

Dei konkluderer med at «prosessen (har) tatt for lang tid, varslarane har fått for lite informasjon om prosessen, og fylkeskommunen har ikkje i tilstrekkeleg grad varetatt varslarane og andre råka tilsette (...)».

Håvard Fagerli var tilsett ved Måløy vidaregåande skule

SER FRAMOVER: – No ser eg framover, og er glad for å vere ferdig med saka, seier Fagerli til NRK.

Foto: Bård Siem / NRK SOGN OG FJORDANE

Skal gå gjennom varslingsrutinar

Vi skal gå gjennom varslingsrutinar og må gi betre opplæring til tilsette og leiarar slik at dei er i stand til å handtere denne type saker betre i framtida, sa fylkesdirektør Rune Haugsdal etter å ha lese rapporten.

Det var Utdanningsforbundet som reiste krav om oppreising på varslarane sine vegner.

No ser eg framover, og er glad for å vere ferdig med saka, seier Fagerli til NRK.

Rektoren er i dag overført til ei anna stilling i fylkeskommunen.

NRK har tidlegare skrive om «ein knusande rapport» som konkluderte med mobbing og trakassering ved Måløy vidaregåande skule i Vestland.

Dei mistolka omfanget av saka

Rapporten kom åtte månader etter at Fagerli, som var avdelingsleiar ved skulen, fyrst varsla om forholda.

Det vart også sendt ei «uromelding», underskrive av 17 tilsette ved skulen.

Likevel vart saka klassifisert som «ei personalsak» av fylkeskommunen.

Dei mistolka både innhaldet i og omfanget av saka, sa Hilde Kvamsås Aa til NRK i september. Ho er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Vestland.

Ekspert på varslingssaker, Birthe M. Eriksen, har sagt at Vestland fylkeskommune bør bruke saka til «organisasjonsmessig læring».

– Du skal ikkje undervurdere effekten av signala som då vert sende ut til kommunesektoren, seier ho.