Hopp til innhold

Vegvesenet dumpa 1100 lastebillass med stein i verna område

Ti tusen kubikk stein har blitt dumpa i landskapsvernområde ved Nærøyfjorden. – Ikkje lett å sjå grensa i terrenget, svarer Statens vegvesen.

Nærøyfjorden sett frå Bakka

DUMPA STEIN VED NERØYFJORDEN: – Dette er ei blemme. Vi skal rydde opp etter oss, seier Stig Berg Thomassen i Statens vegvesen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Dette er ei blemme. Vi skal rydde opp etter oss, seier Stig Berg Thomassen, som er prosjektleiar for tunneloppgradering i Statens vegvesen.

I samband med oppgraderinga av Gudvangatunnelen inst i Nærøyfjorden har Vegvesenet «ved ein glipp» dumpa 11.250 kubikk steinmasse over grensa til landskapsvernområdet.

Nærøyfjorden fekk status som landskapsvernområde i 2002, og området vart oppført på Unesco si verdsarvliste i 2005.

Thomassen seier til sitt forsvar at «det er ikkje akkurat lett» så sjå kor grensa til verneområdet går.

– Den er jo ikkje merka i terrenget.

11.250 kubikk steinmasse svarar til 1100 lastebillass med stein.

LES OGSÅ: Tunnelbygging gir stein nok til å fylle fem Kheopspyramidar

Det var avisa Aurlendingen som først omtala saka.

Nærme Underdal. Dumping av avfall i verdsarvområde

BLEMME: – Dette er ei blemme. Vi skal rydde opp etter oss, seier Stig Berg Thomassen i Statens vegvesen.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

– Trist at det ikkje er gjort betre forarbeid

Trygve Skjerdal er leiar i Nærøyfjorden verneområdestyre, og ordførar i Aurland kommune.

– Det er trist at det ikkje er gjort betre forarbeid, seier han.

Kommunen har gitt Statens vegvesen frist til å rydde vekk steinmassane innan 17. desember.

Ordføraren har notert seg at Vegvesenet vil flytte steinmassane snarast råd.

– Det er godt at dei innser at dette er noko dei må rydde opp i.

VERNET I 2002: Nærøyfjorden fekk status som landskapsvernområde i 2002, og området vart oppført på Unescos verdsarvliste som del av Vestnorsk fjordlandskap i 2005.

I samband med oppgraderinga av Gudvangatunnelen inst i Nærøyfjorden har Vegvesenet «ved ein glipp» dumpa 11.250 kubikk steinmasse over vernegrensa til landskapsvernområdet.

EIN GLIPP: Vegvesenet har «ved ein glipp» dumpa steinmasse i den skraverte sona midt i biletet.

Foto: Statens vegvesen

Skal rydde opp før jul

Det har ikkje vore aktuelt for Vegvesenet å søke om dispensasjon.

– Vi skal rydda opp i dette før jul, seier Thomassen.

– Skulle de gjort betre forarbeid her?

– Ja, det burde vi sikkert ha gjort. Saka er slik han er, så må vi berre rydde opp. Det er ikkje lange transporten. Steinen skal berre bli frakta 50 til 100 meter.

Opphavlege delen av fyllinga. Teken i bruk i samband med bygginga av Gudvangatunnelen
Foto: Arne Veum / Aurlendingen