Hopp til innhold

Tunnelbygging gir stein nok til å fylle fem Kheopspyramidar

Nye hovudvegar, jernbane og bybane rundt Bergen vil gi eit berg av tunnelstein som blir fem gonger større enn verdas høgaste pyramide. Statens vegvesen veit ikkje kvar dei skal gjera av det.

Khufus store pyramide (Kheopspyramiden) i Egypt.

TUNNELSTEINFJELL: Bergens «åttande fjell» kan bli ein steinhaug fem gonger større enn den 140 meter høge Kheopspyramiden i Egypt.

Foto: Håvard Houen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det blir veldig mykje stein. Det er jo det store dilemmaet kvar gong me byggjer lange tunnelar på Vestlandet: Kvar skal me gjera av denne steinen?

Det seier Sverre Ottesen, Statens vegvesen sin prosjektleiar for fjordkryssingsprosjektet Hordfast sør for Bergen.

– I bergensområdet har me hatt så mykje stein dei siste 20 åra at frå prosjekt til prosjekt handlar det om å få gøymd det. Då får me ikkje utnytta den ressursen som stein er, seier han.

Sverre Ottesen, Statens vegvesen, prosjektleiar for Hordfast

DILEMMA: Stortinget kan ikkje vedta samferdsleprosjekt før vi veit korleis vi kan bli kvitt all tunnelstein, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Har ingen svar

Hordfast er ein del av planen om ferjefri E39, og mest kjend for ei over fem kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden.

Den politiske debatten for og mot Hordfast har til no handla om å knytta Vestlandet saman, utvida bu- og arbeidsregionar, prislappen på 38 milliardar kroner, kor stor samfunnsnytten er, naturverdiane som blir råka, og klimaeffekten av mangedobla trafikk.

Steinmassane er ei anna utfordring som det til no har vore lite snakk om.

Ottesen har ingen svar på korleis ein skal bli kvitt 1,5 millionar kubikkmeter tunnelstein frå Hordfast-traséen.

Den åtte kilometer lange tunnelen nord for den planlagde Bjørnafjordbrua vil gi steinmassar som svarar til å fylle det 13. etasjars Bergen rådhus cirka 50 gonger.

Sagt på ein annan måte: Dette er meir enn det enorme og omstridde «fjellet» på om lag 1,2 millionar kubikkmeter steinmassar som ligg lagra i turområdet Hordnesskogen i Bergen.

Det berget stammar frå tunnelane som vart sprengt ut for å gi Bergen ny, firefelts innfartsåre frå sør. E39 Svegatjørn-Rådal blir opna neste år.

Steindeponiet i Hordnesskogen

OMSTRIDD «FJELL»: Ny søre innfartsåre til Bergen har gitt eit enormt berg av tunnelmassar i friluftsområdet Hordnesskogen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hordfast er «peanuts»

Viss du syns 2,7 millionar kubikkmeter stein frå desse to utbyggingane høyrest mykje ut, må du halda deg fast. For det andre store samferdsleprosjektet i Vestland, nemleg ny E16 og ny jernbane mellom Bergen og Stanghelle i retning Voss, vil gi heile ti millionar kubikkmeter.

Til saman vil haugen med tunnelsteinmassar frå E16/jernbane Arna-Stanghelle og E39 Hordfast tilsvara volumet av cirka 380 rådhus i Bergen.

NRK har tidlegare fortalt at vegvesenet utan hell har «annonsert» 10.000.000 kubikkmeter stein.

Prosjektleiar Ottesen trøystar seg med at slik sett er Hordfast-tunnelen eit lite problem.

– Samanlikna med Arna-Stanghelle er Hordfast-tunnelen for så vidt «peanuts», men det er krevjande å bli kvitt så mykje massar. Det kjem på toppen av alt anna.

Førebels Hordfast-skisse frå Statens vegvesen september 2021: Bru og tunnelpåhogg ved Ulvenvatnet

HORDFAST-TUNNEL: Ein åtte kilometer lang tunnel nord for Bjørnafjordbrua vil gi meir tunnelmassar enn «Hordnesfjellet».

Illustrasjon: SVV

Bergens 8. fjell

Han nemner også at planane om ny E39 Fløyfjellstunnel utanom Bergen sentrum, og eventuelt bybane i tunnel til Åsane kjem i tillegg.

Kort sagt kan Bergen med sine sju fjell få eit åttande.

Til saman nærmar ein seg eit steinberg fem gonger større enn verdas høgaste pyramide: den 140 meter høge og 230 meter breie Kheops-pyramiden i Egypt.

«Bergens åttande fjell» vil tilsvara ein pyramide som er like brei som Kheopspyramiden og 760 meter høg. Altså langt høgare enn Ulriken som ragar 643 meter over havet.

Vegvesenets plan B for tunnelmassane frå Arna-Stanghelle er å få dumpa det i fjorden langs traséen, sjølv om dette er ein nasjonal laksefjord knytt til Vossovassdraget.

For Hordfast må det innan eit par år finnast ei løysing for bli kvitt tunnelsteinen.

– Me har ikkje noko endeleg svar på det i dag. Viss nokon ønsker ein industrikai, er mi oppfordring av me kan byggja han, seier Ottesen.

Eitt håp er at Bergen kommune treng ei fylling til ein ny bydel ved Puddefjorden.

– Til dømes viss området Dokken skal utvidast, og det ikkje er nok stein frå Fløyfjellstunnelen og bybanetraséen, kan det bli aktuelt å frakta det på lekter herifrå til eit slikt føremål. Men jo meir kortreist, jo meir miljøvenleg er det.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

FERJEFRI E39: Den rekordlange brua i Hordfast-prosjektet skal etter planen koplast til ein endå lenger tunnel på nordsida.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Stortings-ja krev steinlagring

Det å bli kvitt tunnelsteinen er faktisk ein føresetnad for at Stortinget til slutt kan seia ja til ei samferdsleutbygging.

– Kvar me skal gjera av så mykje stein er ei stor usikkerheit i forhold til å få gjennomført prosjektet. Ein plan for lagring av steinmassane er ein føresetnad for at Stortinget kan vedta Hordfast, seier prosjektleiar Sverre Ottesen.

– Kan det stå og falla på det?

– Ja, utan ei godkjent og vedtatt løysing, kan me ikkje byrja å sprenga tunnel. For lastebilane kjem med 300–400 lass stein dagleg, eller tilsvarande på lekter på sjøen. Då må me vita kvar massane skal.