Hopp til innhold

Skuffa grunneigarar ved Nærøyfjorden får ikkje erstatning etter verdsarvstatus

I to år har grunneigarar ved Nærøyfjorden venta på svar frå Miljødirektoratet. I dag kom svaret, men ikkje det dei ville ha.

Nærøyfjorden

VERDSARVOMRÅDE: Nærøyfjorden verdsarvområde er ein del av Vestnorsk fjordlandskap og er på Unesco si verdsarvliste. For nokre år sidan fekk rundt 30 grunneigarar utbetalt til saman 10 millionar kroner på grunn av moglege tapte inntekter i området.

Foto: Arne Nævra

– Eg tykkjer det er heilt uakseptabelt. Staten må behandle alle likt, så dette må vi berre køyre klagesak på.

Fredag fekk grunneigar Leif Inge Underdal i Aurland melding om at han ikkje får ein ny moglegheit til å søkje om erstatning for eigedom som blei verna i verdsarvområdet i Aurland.

Berre eigarane av sju eigedommar ved Nerøyfjorden får ein ny moglegheit til å søkje om erstatning, avgjorde Miljødirektoratet.

Leif Inge Underdal

VIL KLAGE: Leif Inge Underdal fekk avslag på søknaden.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Då NRK snakka med Underdal, hadde han nettopp fått beskjed frå advokaten sin.

– Eg får ingenting. Kravet mitt blei avvist, som med dei 100 andre, seier han.

No varslar han at kampen fortsett.

– Eg kjem til å køyre dette beinhardt framover av reint prinsipielle grunnar.

Sjølve pengane er ikkje så viktige, seier han.

– Eg har eit bitte lite bruk, så det er ikkje snakk om store summar.

Fekk store summar

Det heile starta tilbake i 2002 då Nærøyfjorden fekk status som landskapsvernområde.

Seinare vart naturmangfaldlova endra. Noko som opna for at grunneigarane i eit landskapsvernområde kunne søkje om kompensasjon for tapte næringsinntekter.

Ein del av grunneigarane søkte om erstatning, og fekk i eitt tilfelle heile 1,2 millionar kroner.

Medan andre ikkje fekk med seg at ein mogleg erstatning låg på bordet, og difor ikkje fekk nokon ting.

Dette er kjernen i konflikten.

Nokre hadde ikkje fått brev

I 2017 tok Fylkesmannen i både Sogn og Fjordane og Hordaland tak i saka. Då hadde dei fått tilbakemeldingar frå grunneigarar i begge fylka, som meinte dei ikkje hadde fått informasjon om at dei kunne ha krav på erstatning.

I byrjinga av 2018 vart saka sendt vidare til Miljødirektoratet

– For å sikre at saka vart godt nok opplyst bad vi direktoratet om å sjå kritisk gjennom det som var gjort, undersøkje grunnlaget for dei ulike klagemåla, og bidra til å rette opp eventuelle manglar ved erstatningsoppgjeret, seier seksjonssjef Eline Orheim hos Fylkesmannen i Vestland.

Og dermed er vi framme ved dagen i dag.

No har Miljødirektoratet gjort vedtak i om lag 110 av 120 innsende søknader om såkalla oppfrisking, som betyr at fristen for å søkje erstatning blir forlenga.

Undredal

UNDREDAL: Bygda Undredal ligg midt i verdsarven.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dei fleste får avslag

– Sju av dei får no moglegheit til å få opp erstatningssaka på ny. For dei andre har vi ikkje funne grunn til det, seier seksjonssjef Knut Fossum.

Han seier det har vore eit stort og omfattande sakskompleks, med ulike grunngjevingar for kvifor folk har søkt.

– Vi meiner at dei som har fått avslag, har fått informasjon som har gjort det mogleg å fremje eit krav innanfor den fristen som var sett. Det er eit viktig moment.

Eit anna moment er tida som har gått, seier han.

– Fristen som var sett gjekk ut ved nyttårsaftan 2009. At ein skal ta opp ei slik sak åtte-ni år etterpå, det er eit moment i seg sjølv.

Fleire ulike grunngjevingar

Erstatningsoppgjeret heldt på frå fristen gjekk ut og fram til dei siste utbetalingane i 2016.

– Det gjekk nokre år, og vi reknar med det var kjent at det heldt på eit erstatningsoppgjer.

– Det har det tydelegvis ikkje vore?

– Nei, det er som sagt vore fleire grunngjevingar for å søkje oppfrisking. Det er dei som meiner dei ikkje har fått god nok informasjon, men det er også nokre som har fått kravet vurdert tidlegare og som no ønskjer ei ny vurdering. Det meiner vi ikkje gir grunnlag for oppfrisking. Det gjeld også nokre eigedommar som har fått nye eigarar etter 2009.

– Grunneigarar meiner dei burde blitt behandla likt i kraft av å vere grunneigar. Kva tenkjer de om det?

– Vi har jo sjølvsagt ikkje ønska at folk skulle oppfatte prosessen slik, men nå vi har gått inn i sakene og sett på kva som har skjedd. Vi meiner at den informasjonen som har vore gitt har vore tilstrekkeleg til at alle kunne fremje krav innan fristen.

Dei om lag 100 grunneigarane som i dag har fått avslag, har moglegheit til å klage til Klima- og miljøverndepartementet.

Tilrår å klage

Advokat Kathrine Lien Mjell i advokatfirmaet Harris har representert 80–100 grunneigarar i saka. Ho er overraska over resultatet.

– Vi hadde nok venta eit litt anna resultat. Det er positivt med dei som har fått, men vi meiner alle som har søkt burde få moglegheit til å søkje erstatning. No skal vi gå gjennom vedtaket og snakke med grunneigarane som har fått avslag. Vi vil nok tilrå at dette vedtaket blir klaga på, seier ho.

Fylkesmannen i Vestland opplyser om at dei tek Miljødirektoratet si avgjerd til vitande.