Hopp til innhold

Nesten alle fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde

Uvêret herjar og dei fleste fjellovergangane mellom aust og vest er stengde. Det er kolonnekøyring over Filefjell.

Filefjell er stengt

UVÊR: Alle fjellovergangane i Sør-Noreg er stengde bortsett frå Filefjell. Her er det kolonnekøyring.

Foto: Statens Vegvesen

– Det er risikabelt å ferdast ute i trafikken i dag, seier trafikkoperatør Christian Strømmen i Vegtrafikksentralen til NRK.

Uvêr og dårleg sikt herjar over fjellovergangane i Sør-Noreg.

E16 over Filefjell var stengt ein kort periode laurdag ettermiddag då Vegvesenet måtte forlenge kolonnestrekninga.

Litt før klokka 18 laurdag starta kolonnekøyringa igjen. Kolonnen går frå Borlaug til Tyinkrysset, opplyser Strømmen.

Alle dei andre fjellovergangane i Sør-Noreg er stengde. Også E6 over Dovrefjell er stengt på grunn av kraftig vind.

Her kan du sjekke oppdatert status frå Statens vegvesen.

Fleire vegar i Sør-Noreg er stengde grunna ras og rasfare.

– Det er litt preventiv stenging på ein del vegar, seier Strømme.

Vanskeleg føre i Midt-Noreg og Nord-Noreg

Også i Midt-Noreg og Nord-Noreg er det utfordrande køyreforhold.

I dag kjem den tredje stormen denne veka og treffer kysten av Noreg.

Les også Uværet i dag: Bodtak flyr og tusenvis har vært uten strøm

Blurret versjon, Vinden merkes i Trøndelag, byåsen

Sterk vind og mykje nedbør gjer føret krevjande på vegane, særleg i Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland.

– Vi jobbar for at vi skal klare å halde dei store ferdselsårene opne, seier Nil Karbø, leiar for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen.

Han oppfordrar trafikantane til å vere merksame – skred og gjenstandar kan komme ut i vegen.

– Under disse forholda vil eg be trafikantane vurdere turen, seier Karbø.

Saltfjellet stengt

E6 Saltfjellet er stengd. I løpet av laurdagen er stormsenteret venta å treffe Saltfjellet.

Foto: Statens vegvesen

På Helgeland sør for Mo i Rana er det meste av ferjetrafikken innstilt på grunn av kraftig vind.

Nord for Mo i Rana går det framleis ferjer, men ferja mellom Bodø og Moskenes er innstilt, melder Statens vegvesen.

ColorLine innstiller også fleire avgangar laurdag kveld på grunn av vêrforholda.

Bil sto i fare for å ramle 100 meter

Mange sjåførar har fått merke uvêret og det dårlege føret som herjar store delar av landet i dag.

I Gloppen i Vestland stod ein bil med fem personar i fare for å ramle 100 meter ned i sjøen etter ei trafikkulykke.

– Det kunne fort gått skikkeleg ille, seier brannmann Arne Rønnekleiv Holme til NRK.

110 Vest meldte at det var glatt på staden.

Det var ein vaksen og fire born i bilen, som enda med å stå på vippen etter eit uhell.

Bilen hamna utfor ein skrent og låg på vippen ved ei bratt skråning. Brannmannskap rykte ut for å sikre bilen.
Foto: Gloppen brann og redning

Brannvesenet rykte ut og fekk sikra bilen og redda dei fem uskadde ut.

– Dei var skikkeleg «shaky», og det kan eg godt forstå, seier Rønnekleiv Holme.

På E6 Sørfold sperra eit vogntog vegen ein periode. Køyretøyet måtte bergast, men no er det fri ferdsel att.

Ein bil hamna oppå autovernet i Ålesund. Ingen blei skadde, melder politiet. Det var sludd i vegbana og bilen fekk skrens.

To bussar har kollidert i Breidablikveien i Trondheim. Vegen var sperra, men har opna att. Det var dårleg føre på staden.

Vegtrafikksentralen: – Vurder å bli heime

Det er stor skredfare over heile landet. NVE melder om oransje og raudt farevarsel.

Vegtrafikksentralen forventar mykje dårleg vêr og føre heile helga.

Før helga varsla Statens vegvesen krevjande forhold på vegane.

Kolonne over Filefjell

På Filefjell er det kolonnekøyring.

Foto: Statens vegvesen

Trafikkoperatør Jenny Nilsson i Vegtrafikksentralen Vest, ber folk vurdere om dei kan droppe køyreturen i dag.

– Men dersom ein må ut, bør ein sjekke vêr- og vegmeldingar, passe på at ein har nok mat og vatn, samt vere budd på at turen kan bli lengre enn planlagt, seier ho.

Regn og mildvær fører til store problemer på veiene i Midt-Norge. Det er store vanndammer flere steder og veldig glatt der det er is på veiene.

Regn og mildvêr fører til store problem på vegane i Midt-Norge. Det er store vassdammar fleire stader og veldig glatt der det er is på vegane.

Også andre stader i Sør-Noreg har det kome meldingar om svært glatte vegar, mellom anna Golsfjellet fredag kveld.

I Lillestrøm blir politiet nedringt om meldingar om glatte vegar, skriv politiet på X. Men elles på Austlandet skal det stå greitt til, ifølge Vegtrafikksentralen øst.

Les også Stor skredfare over heile landet: – Ein sjeldan situasjon

utløyte snøskred Strynefjellet Grasdalen