Hopp til innhold

Stor skredfare over heile landet: – Ein sjeldan situasjon

Når ekstremvêret «Ingunn» reiser, lèt det etter seg stor og betydeleg skredfare over heile landet.

utløyte snøskred Strynefjellet Grasdalen

SNØSKRED: Torsdag har totalt 22 av 24 snøskredregionar er på raudt eller oransje nivå.

Foto: NGI

Fredag er det raud eller oransje faregrad for snøskred i 24 regionar.

I tillegg får fem fylke oransje faregrad for jord-, sørpe- og flaumskred.

– Ein sjeldan situasjon som kan føre til alvorlege skadar, melder NVE.

– Sjeldan situasjon

Eldbjørg Dirdal Moxnes

– Raud faregrad er uansett ikkje anbefalt turvêr. Friluftsmessig så plar det ikkje vere dei store hendingane. Folk går ikkje tur då uansett, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Foto: Eldbjørg Dirdal Moxnes

Etter ein roleg haust med lite ekstremvêr, har farevarsla dansa frå landsdel til landsdel i starten av 2024. Det har gått i vind, snø, regn, vindkast og skredproblematikk.

– Det er ikkje uvanleg med ekstremvêr, men det er kanskje litt uvanleg med så mange farevarsel på kort tid, seier meteorolog Eldbjørg Moxnes.

Siste dagane har ekstremvêret «Ingunn» festa grepet. Spesielt herjingane og øydeleggingane i Nordland har stole overskriftene.

Les også Ny norsk vindrekord satt i Nordland

Kvaløyfjellet i Sømna

Og farevarsla tek ikkje pause i dagane framover.

Vaktleiar i snøskredvarselet hos NVE, Solveig Kosberg, seier vêrsituasjonen ikkje er daglegdags.

– Heile situasjonen med så mykje vêr over heile landet over så mange dagar er litt sjeldan, seier Kosberg.

Stor fare for skred fredag 2. februar.

Fredag 2. februar gir stor fare for jord-, sørpe-, og flaumskred (til venstre) og både stor og betydeleg snøskredfare i Noreg.

Grafikk: Skjermdump / varsom.no

Heile landet

Vind og snø gir allereie torsdag raudt farevarsel for snøskred i Nordland og Sør-Troms. Lenger sør er faregraden oransje.

Fredag byter regionane faregrad. Snøfall torsdag etterfølgd av ein mild fredag med opp mot 110 millimeter nedbør på 24 timar, aukar snøskredfaren til betydeleg på Vestlandet.

Solveig Kosberg, snøskredvarslinga NVE

– Ta fram beredskapsplanar og gjere vurderingar om det er naudsynt med tiltak, er Solveig Kosberg sitt råd til kommunar og beredskapsaktørar.

Foto: Solveig Kosberg

Raudt nivå, på ein skala frå ein til fem, betyr at våte laussnøskred kan nå skredutsette vegar og busetnad, ifølge Varsom.no. Skred kan losne av seg sjølv.

Den store skredfaren kan også følgje inn i helga.

– Vi ventar mange naturleg utløyste våte skred. Nokre av dei kan bli svært store, seier Kosberg.

Ho rår folk til å halde seg langt unna område som er så bratte nok til at det kan gå snøskred. Folk bør òg halde avstand til bratt hellsider der snøskreda kan komme ned.

På den andre sida er ikkje dagar med raude farevarsel dei beste dagane for friluftsliv.

Oransje farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskred

Om det ikkje er nok med stor og betydeleg snøskredfare over det meste av landet, vil faren for jord-, sørpe- og flaumskred gjere eit byks for fem fylke frå fredag til laurdag.

Årsaka er nedbør og stigande temperaturar i høgfjella, som set fart på snøsmeltinga.

– Det er venta fleire skredhendingar der nokre kan få store konsekvensar, seier Graziella Devoli hos jordskredvakta til NVE.

Utsett busetnad kan bli råka, og framkome på veg eller jernbane kan bli redusert.

Flaumskred har lang rekkevidd og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det losnar høgt i terrenget.

Vått på Vestlandet

Torsdag er det framleis «Ingunn» som pregar vêrbildet, med særleg kraftig vind i Nordland. Mot kvelden beveger vinden seg lenger nord mot nord i Nordland, Troms og Finnmark.

I tillegg til all vinden i nord, tek «Ingunn» med seg ein god del snøbyer, seier vakthavande meteorolog Marit Berger. Det er venta mellom 20 og 50 centimeter i Nordland.

I Nord-Noreg blir det rolegare vêr fredag, før eit nytt lågtrykk tar med seg ein ny runde med vind natt til laurdag.

Fredag er det venta at varmare luft innover Vestlandet og i Sør-Noreg. Då kjem temperaturane til å stige, også høgt i fjella.

Det kan bli ein del snøsmelting på fredag, og det kan bli vanskelege køyreforhold i overgangen frå kaldt til varmt vêr.