Hopp til innhold

– Då eg ikkje fekk full klaff i VM kjende eg at det var over

Silvia Kapstad (21) frå Førde ville bli best i verda. Det klarte ho, men no er motivasjonen vekk og ho legg konkurransedelen av styrkeløft på hylla.

Treningsglede

GØY OG MORO: Silvia Kapstad byrja med styrkeløft fordi ho syns det var gøy. Men eit stadig aukande konkurransepress gjorde at ho no legg opp som styrkeløftar på toppnivå, men treninga vil ho halda fram med.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Skal eg drive med noko på dette nivået må eg gå «all in». Det er alt eller ingenting, og eg har ikkje lengre det som skal til for å gje alt, seier Silvia Kapstad til NRK.

Rett før helga la ho ut melding på Instagram, der ho takka sporten, landslaget og sa seg fornøgd med sine åtte EM-gull, fire VM-gull og fire VM-sølv i juniorklassen.

Rett til topps

Målet i desember 2015 var klart – ho ville bli best i verda. Det klarte ho alt året etter, berre 20 år gammal, mot oppimot tre år eldre konkurrentar.

Men alt då byrja ho å kjenne på at ting ikkje var heilt som det skulle vera.

– Eg hadde tenkt å gi meg då. Eg tok ein pause og var ikkje med i NM, men så kom eg tilbake i EM og gjorde det veldig bra, så då satsa eg mot VM i år, seier Kapstad.

Der tok ho fire VM-sølv, men var likevel ikkje heilt nøgd.

– Eg vil ikkje verka overlegen, for andreplass i verda er jo veldig bra. Men eg følte undervegs i treninga inn mot meisterskapen at eg ikkje gjorde det som skulle til for å vinna. Etter VM kjende eg at det var over, seier ho.

For ho har gjort kometkarriere. Styrkeløft byrja ho med fordi ho syns det var moro. Men jo betre ho vart, jo meir alvorleg vart det.

– Det gjekk utover det kvardagslege. Om eg gjorde noko feil på trening gjekk det utover heile dagen min og familien merka på meg at humøret vart dårlegare, seier ho.

Silvia Kapstad

GULL: Under junior-VM i Polen i fjor kunne Silvia Kapstad (21) stå øvst på pallen i eit VM for først gong. – Eg klarar ikkje heilt å innsjå kor stort det eg har oppnådd er. Eg har berre hatt det gøy og har brukt lite tid på å reflektera over at eg vart best i verda, seier Kapstad.

Foto: Privat

Vil sakna miljøet

Som 21-åring ville ho ha hatt to år att i juniorklassen, før det hadde blitt overgang til seniornivå. Sidan 2015 har ho vore ein del av landslaget i styrkeløft og miljøet er det ho vil sakna mest.

– Det har vore eit fantastisk miljø. Eg kjem også til å sakna det å ha ein plan og jobba mot eit konkret mål, seier Kapstad.

Etter nyttår skal ho byrja å studera til å bli sjukepleiar i Førde og ho er klar på at styrkeløft vil ho alltid halda på med.

– Eg kjem alltid til å trena styrkeløft-øvingar. Det er trening eg syns er gøy og eg skal halda fram og trena variert. Og om eg kjem tilbake i konkurranse, det får framtida vise, seier ho.