Hopp til innhold

Slik skal Silvia bli verdas beste

FØRDE (NRK): 19 år gamle Silvia Kapstad har eit stort mål i livet om å bli verdas beste. Då må ho løfte mange tonn med jern.

Silvia Kapstad styrkeløft

GODT MILJØ: Desse tre står no i spissen for ei satsing på styrkeløft i Sunnfjord. F.v. Fredrik Hovland, Silvia Kapstad og Ole-Marius Osland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dag ut og dag inn gjer Førde-jenta det same. Ho tar på seg treningsklede, varmar opp og trenar - hardt og lenge på styrkeløft. Men det er det som skal til for å bli verdas beste i ein idrett få andre norske jenter satsar på.

– Målet må jo vere å bli verdsmeister, noko høgare enn det kan ein faktisk ikkje oppnå. For å klare det må ein trene og leggje sjela si i det. Ein er nøydd for å vere dedikert. Du må ofre masse og ta dei taka du må ta, seier ho og smiler.

Ho er ein del av eit veksande miljø for styrkeløft i Førde, og iveren etter å bli den beste starta for nokre få år sidan.

– Det byrja i det små med at eg trente på treningssenter, så merka eg at progresjonen var god og då får ein meirsmak. Eg fekk bevis på at treninga hjelper. I tillegg er det mange hyggelege og kjekke folk som støttar deg opp, uansett kven du er.

Ofrar festing og uteliv

– Føler du at du må ofre noko i høve andre på din eigen alder?

– Eg meiner at det er mange 19-åringar som kunne blitt god i dette. Grunnen til at eg har blitt så god som eg har blitt, er jo at eg har prioritert trening framfor å reise ut på byn, som andre på min alder ville gjort.

2. juledag var ho ein av fleire styrkeløftarar som samla seg til julestemne på treningssenteret Spenst i Førde. Initiativtakar Ole-Marius Osland legg vekt på at dette faktisk er ein idrett som høver for dei aller fleste.

– Det er ein kjempefin idrett. Du treng ikkje vere noko spesiell for å drive med det. Det er enkle øvingar, med knebøy, benkpress og markløft. Her kan alle delta. meiner han.

Silvia Kapstad vil bli verdas beste i styrkeløft

KLARE MÅL: Silvia Kapstad tevlar i vektklassa junior 72 kilo, og har ein 4. plass frå VM som beste resultat så langt. Men ho er klar på at ho vil bli verdas beste.

Vil kvalifisere seg til VM

Også Fredrik Hovland (22) frå Førde satsar no på å nå langt innan styrkeløft. Han ventar no på klarsignal for å få sjansen til å kvalifisere seg inn mot dei store meisterskapa.

– For to år sidan så hadde eg VM i 2016 som den store draumen. No går eg og ventar på om eg får vere med i EM, og då får eg sjå om eg klarer å ta VM-kravet der. Det er det eg trenar mot no.

– Kor mykje må du trene for å klare dette?

– Det varierer litt, men for meg litt det mellom fire til seks treningsøkter i veka, med ulik lengde. Så eg løftar nok ein del tonn i løpet av ei veke, seier Hovland.

Tek avstand frå doping

For dei aktive, unge utøvarane av styrkeløftsporten i Førde, er ei aktiv haldning mot doping viktig. Det dårlege ryktet til sporten frå gamalt av vil dei kvitte seg med.

– Vi køyrer dopingfritt. Vi har dopingtestar, og innan styrkeløft blir dei beste utøvarane testa ganske ofte. Dei får ikkje beskjed om når dei blir testa, her kjem dopingkontrollen når som helst, slår Ole-Marius Osland fast.