Hopp til innhold

Feirar VM-gullet med pizza

I dag tok 20-åringen gull i junior-VM i styrkeløft i Polen – med heile 40 kilos margin ned til sølvvinnaren.

Silvia Kapstad

GULLFEIRING MED PIZZA: Med eit gull i junor-VM starta Silvia Kapstad feiringa med pizza.

Foto: Privat

– Det var heilt fantastisk. Eg kan nesten ikkje beskrive det, seier den nybakte gullvinnaren, Silvia Kapstad.

Kapstad frå Førde har berre drive med styrkeløft i knappe to år før ho tok sitt første VM-gull. Gullet feira ho med pizza, men feiringa skal fortsette dei neste dagane med noko av det Kapstad liker aller best – meir mat.

– Ei feiring byrjar ofte med ein pizza, før det utviklar seg med enda meir mat, gliser Kapstad.

Gull i alle øvingar

Førdianaren hadde heller lave forventingar til eigne prestasjonar før meisterskapet tok til.

– Eg forventa at eg skulle komme meg gjennom stemnet, seier Kapstad.

Spenninga stod i taket fram til siste markløft. Styrkeløft består av tre øvingar; knebøy, benkpress og markløft. Poengsum i kvar øving vert slått saman (kiloa), og så vinn den som har løfta tyngst totalt.

– Knebøy var heilt fantastisk. Benkpress var ikkje heilt på topp, men på markløft fekk eg ein ny personleg rekord. Gull i alle øvingane er heilt ypparleg, seier Kapstad.

Treningsglede

KUN TO ÅR MED DETTE: I knappe to år har Silvia Kapstad drive med styrkeløft. No har ho tatt gull i junior-VM i styrkeløft.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Vips, så var eg på landslaget

Det var eigentleg fotball Kapstad satsa på, men skjebnen ville det annleis.

– Eg byrja å trene styrke for å utvikle meg meir på bana, men så deltok eg på eit stemne og møtte dei rette folka. Vips, så var eg plutseleg på landslaget. No står eg her i dag, seier ho.

I fjor vart Kapstad nummer fire i junior-VM. I år vann ho EM-gull for junior i april. Mange hadde forventingar til at ho skulle ta minst eitt steg opp under årets meisterskap.

– Det har vore veldig mykje blodslit og trening, men eg er heldig som har mange gode folk rundt meg. Eg har dei beste i heile verda som hjelper meg, seier Kapstad.