Hopp til innhold

Var Ap-medlem i 45 år. No har dei meldt seg inn i Senterpartiet

SVELGEN (NRK): Stig Oldeide kjenner seg ikkje lenger heime i Arbeidarpartiet, og går over til Senterpartiet. 81.000 veljarar varslar at dei skal same veg.

Espen Gulliksen og Stig Oldeide har forlatt Ap og gått inn i Sp.

Stig Oldeide og Espen Gulliksen har begge gått frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet. 81.000 veljarar varslar at dei skal same veg. 

Foto: Bård Siem / NRK

Stig Oldeide spaserer langs kaia i Ap-bastionen Svelgen i Sunnfjord. Bak han er hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger.

I 45 år har fiskeskipperen vore medlem i Arbeidarpartiet. Men ikkje no lenger.

I staden melde han seg inn i Senterpartiet. Etter eit heilt liv i arbeidarbevegelsen.

Den same vegen gjekk Espen Gulliksen, som er lensmann i kommunen.

– Eg føler meg ikkje lenger heime i Arbeidarpartiet, seier han.

Tor Eriksen er kommunestyrerepresentant i Målselv i Troms. Tidlegare representerte han Arbeidarpartiet. No er han i Senterpartiet.

– Det handla om nærleik til folket og det å sjå landet under eitt, forklarar han.

Dei er ikkje åleine. Bak den mykje omtalte «Jan Bøhler-overgangen» finn vi også Heidi Brekkvassmo, Tor-Erik Røberg-Larsen og Jonn Gunnar Lislelid.

Fellesnemnaren er denne: Dei har alle gått frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet.

Veljarflukt

81.000 av dei som stemte Arbeidarpartiet i 2017 varslar at dei skal same veg.

Ei utvikling som «saknar sidestykke i norsk politikk», ifølgje valforskar ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh.

Då Trygve Slagsvold Vedum tok over som leiar i Senterpartiet i 2014, låg partiet like over sperregrensa.

No er partiet jamstore og større enn Ap på fleire målingar.

Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum foran fylkeshuset i Bodø

STATSMINISTER?: Partileiar Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet har vind i segla på ferske meiningsmålingar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

I ei meiningsmåling i Sogn og Fjordane denne veka fekk Senterpartiet 42,5 prosent.

Eit «politisk ragnarok», skriv redaktøren i Firda.

– Det som skjer i Sogn og Fjordane er det same som skjer i nord og delvis i Innlandet. Periferien og distriktskommunane har mista trua på at Arbeidarpartiet representerer eit truverdig alternativ til dagens regjering, seier Edvard Lysne.

I siste nummer av Samtiden skriv han om de ulike politiske kulturane som har forma det moderne Noreg. Blant dei småbrukarkulturen i fjord-, fjell- og dalbygdene, som tradisjonelt har sett på Sp som «storbøndenes parti», men som nå i staden ser ein alliert.

Senterpartiet er «snart dei einaste som målber frustrasjonen mot den administrativ-rasjonelle sentraliseringsviljen», meiner Lysne:

– Det handlar mindre om høgre/venstre enn det handlar om krav om å bli tatt på alvor av eit lukka styringssjikt. Det er kombinasjon av sentrum/periferi og ein motkulturell «elite-protest».

Høyanger

DISTRIKT: Høyanger i Sogn og Fjordane. Ap-ordføraren i sognekommunen innrømmer at dei har mykje å læra av Senterpartiet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Einaste som har stått opp for distrikta

– Eg bur på bygda og er oppteken av at distrikta, seier Espen Gulliksen i Svelgen.

Han seier det er fleire grunner til partiskiftet. Dels at Sp-leiinga kommuniserer «meir direkte og forståeleg»; dels at dei er «det einaste partiet som har stått opp for distrikta»; og til sist reformiveren under den blå regjeringa, som Ap i det store og heile stemmer i.

To timar unna ligg Høyanger, ein annan industristad i Sogn og Fjordane.

Her er Petter Sortland (Ap) ordførar.

– Vi har mykje å lære av Senterpartiet når det gjeld klar tale, seier han.

Han meiner det har vorte for mange reformer over kort tid, og at reformene ikkje alltid har vore godt nok koordinerte.

– Resultatet er at det utviklar seg eit A- og eit B-lag i Kommune-Noreg. Her har Senterpartiet sagt klart ifrå, noko vi må bli betre på fram mot stortingsvalet, seier han.

Petter Sortland

SJÅ TIL Sp: – Vi har mykje å lære av Senterpartiet når det gjeld klar tale, seier Petter Sortland. Ordførar i Høyanger. For Arbeidarpartiet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi må vere tydelegare

– Kravet om «ja og nei-svar» og enkle løysingar er større no enn nokon gong tidlegare. Men vi er opptekne av å finne breie løysingar som foreinar by og land, seier partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng.

Ho trur oppslutnaden til Senterpartiet handlar om misnøye mot sentralisering, privatisering og distriktspolitikk.

– Der har Senterpartiet klart å mobilisere mykje.

– Kva har Arbeidarpartiet gjort gale?

– Vi må i større grad vere tydelege på dei politiske løysingar våre, og kjempe for å få tilbake den tilliten vi har mista, seier Stenseng.