Hopp til innhold

Rekordhøge målingar for Sp: – Det er kraftfulle tal

Trygve Slagsvold Vedum ler heile vegen til val-banken etter at to ulike målingar gir Senterpartiet ei oppslutning på heile 42 prosent i Sogn og Fjordane.

Trygve Slagsvold Vedum, partileder i Senterpartiet. Ler, latter, blid.

GLISER GODT: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum var ute og aka med ungane då NRK ringde han måndag kveld. Om målingane blir valresultatet, så akar han rett inn i regjeringskontora til hausten.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

– Det er kraftfulle tal, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK måndag kveld.

I Firda, Firdaposten og Sogn Avis si meiningsmåling frå i går, seier 42,6 prosent av dei spurde at dei ville ha røysta på Senterpartiet om det var val i dag.

I Bergens Tidende si måling 17. desember, er tilsvarande tal 41,5 prosent.

Dette gir eit snitt på over 42. Ei slik oppslutning valdagen ville gitt partiet to av tre mandat frå valkrinsen Sogn og Fjordane.

– Eg har aldri høyrt om tal på over 40, sa Vedum til Bergens Tidende tidlegare i desember.

Sjølv ikkje då EU-striden stod på som verst i 1993.

Aukar i industrikommunar

Nordfjordingen Erling Sande og sogningen Aleksander Øren Heen ville fått fast plass, med unge Emma Berge Næss som 1. vara.

– Vi går fram også i dei klassiske industristadane. Det trur eg handlar om at vi har vore tydelege på nasjonalt eigarskap og naturressursar, trur Vedum.

Det er no eitt år sidan Sogn og Fjordane blei ein del av det nye storfylket Vestland.

Dette har også hatt sitt å seie for den historisk høge oppslutninga rundt Senterpartiet, meiner partileiaren.

– Fylkesreforma er dyr og sentraliserande og har på ein måte sletta Sogn og Fjordane frå kartet, slår Vedum fast.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus

VIL INN: Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) er toppkandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Lenge til valet

For fire år sidan klarte Høgre å sikre seg eit mandat frå valdistriktet. No må dei kjempe om sistemandatet i hard kamp med dei andre partia.

Toppkandidat Olve Grotle, som no er ordførar i Sunnfjord, minner om at det trass alt er lenge til valet.

– Fram mot valet sist hadde vi ei stigande formkurve. Når valet er kome, er kome på eit nivå der vi sikrar oss mandatet.

Senterpartiet har hatt sterke målingar heile hausten, ikkje minst i Oslo der den gamle Ap-veteranen Jan Bøhler kan sikre seg plass for Senterpartiet.

Størst i landet før jul

Dagbladet si måling frå 18. desember syner at partiet no er størst i landet med over 22 prosent oppslutning.

– Dette er målingar og ikkje eit val, men vi får ta det som ei klar arbeidsordre, seier Trygve Slagsvold Vedum.

– Korleis var det å gå inn i julehøgtida med slike målingar?

– Det er hyggeleg, men vi kjenner på eit ansvar. Eg kjenner på at mange har ei forventning om at Senterpartiet skal kunne gjere ein forskjell i livet deira. Først og fremst er det motiverande.