– Verdi er vel så mykje å bu der du vil bu, at du føler deg privilegert i kvardagen med natur, omgjevnader, lokalsamfunnet og personane du har kring deg. Det er det som er det viktigaste, seier han.
Vil ta risikoen
Medan bustadprisane i Sogndal, Førde og Florø er høge for tida, er det mange som bur på plassar der ein ikkje kan vente å få så mykje for bustaden sin dersom ein flyttar.
Slik som i Askvoll, der bustadmarknaden er langt frå travel. Her meiner heimflyttarar at marknaden kan segle sin eigen sjø. Peder Tveit og sambuaren har no planer om å byggje hus.
– Eg har tenkt på at eg truleg ikkje får att det eg har lagt ut på å bygge hus, men det veg ikkje så tungt. Det er ein risiko ein tek, seier Tveit.
Nyttig «prøvehus»
VIL BU: For Lise Landøy-Midtbøen og familie kan bustadmarknaden eigentleg segle sin eigen sjø. – Det er litt tilflytting og dei som sel hus og hytter kan få god pris hos oss også. Sjølvsagt kan ein ikkje samanlikne det med by, men det har inga betydning for oss, seier ho.
Foto: PrivatHeller ikkje Lise Landøy-Midtbøen og familien brydde seg om bustadprisane i havgapet før dei sette i gang med å byggje hus. Derimot fann dei stor verdi å nytte seg av «prøvehuset» som lokalsamfunnet på Værlandet siste seks åra har tilbydd potensielle tilflyttarar.
Alle som har budd i prøvehuset har blitt verande.
- Les også: – Ikkje ha hastverk med å kjøpe bustad
– Det var greitt å ha nokre prøveår, men vi hadde eigentleg planlagt at vi skulle bli her resten av livet. Eg fekk fast jobb, vi treivst begge to, så noko anna har eigentleg aldri vore noko spørsmål, seier Landøy-Midtbøen.
Får meir att på bygdene
GIR LÅN: Alexander Dvergsdal i Sparebanken Sogn og Fjordane seier byggekostnaden alltid er utgangspunktet for eit ja eller nei til bustadlån.
Foto: Mattias Bergset / NRKAlexander Dvergsdal, banksjef privatmarknad hos Sparebanken Sogn og Fjordane, seier det ikkje er noko stor utfordring å få lån til å kjøpe eller byggje i ein usikker marknad.
Banken tek alltid utgangspunkt i byggekostnaden.
– Men så er det ein gong slik at denne er nesten lik om du byggjer i by eller på land. Den store skilnaden er truleg tomtekostnaden og kva du sjølv gjer av eigeninnsats, seier han.
– Men vi ser tendensar til at folk får meir for pengane på bygda. Mykje fordi dei kanskje er flinkare til å hjelpe kvarandre, og kanskje er meir fingernemme enn dei er i byane, avsluttar han.