– Ikkje ha hastverk med å kjøpa bustad

Norsk familieøkonomi trur bustadprisane i Rogaland skal gå ned og rår unge førstegongsetablerarar til å ha is i magen og venta med sitt første bustadkjøp.

Boligpriser

Bustaprisane i Rogaland skal flata ut og gåt litt ned, ifølge Reid Krohn Pettersen i Norsk Familieøkonomi. Han rår unge bustadkjøparar til å ha is i magen og venta på prisfall.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

– Slik bustadmarknaden ser ut nå, spesielt på Nord-Jæren, er det ingen som bør ha hastverk.

Det er rådet frå sjeføkonom Reid Krohn-Pettersen i Norsk Familieøkonomi til unge som skal kjøpa plass å bu for første gong.

Reid Krohn-Pettersen

Reid Krohn Pettersen i Norsk Familieøkonomi.

Foto: Elisabeth Tønnesen / Norsk Familieøkonomi

Etter fleire år med sterk vekst i bustadprisane i stavangerregionen, har marknaden kjølna den siste tida. I mars månad gjekk bustadprisane ned med 0,3 prosent i Stavanger, mens prisane i oljebyen gjekk litt opp i april (0,4 prosent i Stavanger mot 0,7 prosent i heile Rogaland). Stavanger var førre månad den storbyen i Noreg med lågast auke i bustadprisar.

– Våre indikasjonar viser at bustadprisane skal flata ut og gå litt ned. Eg trur tilbodet blir større enn etterspurnaden, seier Krohn-Pettersen.

I tillegg til ikkje å ha hastverk, rår Krohn-Pettersen førstegongsetablerarane til å vera litt gjerrige.

– Eg ville ikkje gitt bod på prisantydning, og så ville eg betalt ein takstmann eit par tusen kroner for å få ei nøytral prisvurdering på bustaden.

– Kan vera gunstig å kjøpa nå

Men ikkje alle er einige i at det er lurast å ha is i magen. Nokre meiner dei unge bør slå til nå.

– Er økonomi og jobb i orden kan det vera eit gunstig tidspunkt å kjøpa på fordi det er låg rente, godt tilbod og lenger mellom bodrundane. Me ser at det er enkelte objekt som kan bli ei fin investering fordi det ikkje skal mykje til før bustaden står fram som mykje meir attraktiv, seier leiar i Rogaland Eigedomsmeklarforeining, Rune Bertelsen.

Bertelsen trur ikkje på eit betydeleg prisfall og legg til at det skal mykje til for å tapa pengar når ein kjøper bustad for å bu der dei neste tre til fem åra.

Rår unge til å kjøpa nytt

Agnes Bergo, Pengedoktoren

Agnes Bergo, dagleg leiar i Pengedoktoren.

Foto: Kristine Nyborg

Agnes Bergo er dagleg leiar i det uavhengige rådgivingsselskapet Pengedoktoren. Ho ber unge som skal inn på bustadmarknaden vurdera å kjøpa nytt når bustadprisane går ned.

– Hugs at du slepp dokumentasjonsavgift på 2,5 prosent på nye bustadar. På ein leilegheit til to millionar kroner, sparer du 50.000. I tillegg er det ein verdi i seg sjølv å få alt nytt. Brukte bustadar kan krevja ein del oppussing for å få dei i god stand.

Bergo påpeikar at ulempa med å kjøpa nytt er at du må venta litt før du kan flytta inn og at dette krev planlegging. Når det gjeld finansieringa av ditt nye krypinn, er siviløkonomen livredd for nøkkeltal og bankane sine verktøy for å rekna ut gjennomsnittlege forbruk.

– Kvar enkelt må vurdera sitt eige forbruk og kort stort lån ein kan ha. Dei med stort forbruk klarer ikkje å halda eit stort lån, mens for andre er det lettare å forsaka ting som feriar, kleskjøp og uteliv og heller prioritera bukostnader.

Flere nyheter fra Rogaland