Åtvarar unge bustadkjøparar etter rentekutt

Dagens rentekutt vil fyra opp under den allereie skyhøge veksten i bustadprisane, fryktar Norges Eiendomsmeglerforbund. Unge bør særleg sjekka éin ting før dei no låner over alle støvelskaft, tilrår Finansportalen.

Visningsskilt

Bustadprisane har auka med over 12 prosent i hovudstaden og med 7,7 prosent på landsbasis i løpet av dei siste 12 månadene. NEF meiner den dalande styringsrenta fører bustadmarknaden i feil retning.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK
Greving, NEF

Administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) fryktar at den billege bustadrenta vil få folk til å låna over evne og at bustadprisane brått kan rasa.

Foto: CF Wesenberg/Kolonihaven

Noregs Bank sette torsdag ned styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til historisk låge 0,75 prosent. Dei tre største bankane i landet, DNB, Nordea og Danske Bank, varsla like etterpå at dei følgjer etter og set ned renta på bustadlån.

Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) meiner renta burde ha blitt ståande uendra og fryktar at rekordlåg styringsrente no vil føra til enda større bustadoptimisme i norske storbyar, særleg i Oslo.

– Styringsrenta har ein svært sterk effekt på bustadmarknaden, det såg me etter førre nedjustering i juni. No fryktar me at folk blir villige til å gå enda lenger i bodrundar og pressa bustadprisane ytterlegare opp frå eit nivå som allereie er i overkant høgt i storbyane, seier administrerande direktør i NEF Carl O. Geving.

– Dropp drøymebustaden

NEF-direktøren har eit råd til dei som no gir seg ut på bustadjakt:

– Ikkje gå for drøymebustaden med ein gong du skal etablera deg. Ta heller det nest beste. Aksepter litt lengre reiseveg og litt lågare standard for å unngå å kjøpa for dyrt – tenk bustadkarriere.

Han viser til at nordmenn i dag har historisk høg gjeld – over 3000 milliardar norske kroner, ifølgje ferske tal frå SSB.

Ei ny undersøking gjort av Respons for Sparebank 1, viser at 300.000 nordmenn ikkje toler ein renteauke på eitt prosentpoeng eller meir. Heile 13 prosent av dei spurde svarar at dette ville ha knekt økonomien deira.

Prognosar indikerer også at arbeidsløysa i Noreg kjem til å auka.

– Me risikerer at mange får problem med å betala låna sine og må selja samstundes. Då vil me kunne få eit brått fall i bustadprisane, seier Geving.

Faren størst for dei unge

Elisabeth Realfsen fra Forbrukerrådet og Finansportalen.no

Elisabeth Realfsen ved Finansportalen til Forbrukarrådet ber unge sjekka kor trygt dei sit i jobben sin før dei let seg lokka av billegare bustadlån.

Foto: Forbrukerrådet

Det er ingenting som tyder på ein renteoppgang med det første. Det er derimot ein annan ting som særleg unge bør sjekka før dei låner seg til fant.

– Det er tap av inntekt som er det største spøkelset akkurat no. Arbeidsløysa skal stiga, fortel dagleg leiar for Finansportalen til Forbrukarrådet, Elisabeth Realfsen.

Ho oppmodar unge til å sjekka kor trygt dei sit i jobben sin.

– Er du ung, er du kanskje den siste som blei tilsett og den første som må gå ved permitteringar. Tenk gjennom dei økonomiske utsiktene i din bransje og i området du bur i og snakk gjerne med fagforeininga. Ver særleg forsiktig med å ta opp meir lån dersom du til dømes jobbar i oljesektoren eller ein leverandør til oljesektoren og er ung, er rådet frå Realfsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger