Hopp til innhold

Meiner byggereglar gjer bustadbygging dyrare

Førde kommune bør enten finansiere meir av tilleggskostnadane ved bustadutbygginga, eller redusere på krava. Utbyggjar meiner dagens praksis råkar huskjøparane.

Førde sentrum

ANSVAR: Er det bustadbyggarane som skal finansiere bru frå Hafstad over til E39 eller er det kommunen? Dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa meiner det er ei kommunal oppgåve. - Vi må kjempe for alle tilflyttarar så no er tida komen for å dele på utgifter og jobbe saman om alt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Oppgradering av fortau i andre byggfelt og av vegar utanfor feltet, som ikkje høyrer til sjølve bygginga er eit døme. Eit anna er i Hafstad bydel der husbyggarane må betale for bru over til E39. Er det ei kommunal oppgåve å bygge brua eller er det huskjøparane si, spør dagleg leiar i Gravdalgruppa, Bodil Kidøy Lunde.

Bodil Kidøy Lunde

VEGVAL: – Kva er kommunale oppgåver, kva er huskjøparane sine kostnadar? Den dialogen må vi gå inn i no, seier dagleg leiar i Gravdalgruppa, Bodil Kidøy Lunde.

Foto: Gravdalgruppa

Etterspurnaden etter bustadar i Førde og fleire andre kommunar er større enn tilbodet. Tidlegare i veka diskutere fleire aktørar i Førde kommune for å diskutere bustadsituasjonen. Lunde meiner kommunen sit med nøkkelen til større og rimelegare utbygging.

– Det har vore mange infrastrukturkrav og rekkefølgjekrav som gjer at vi har kome i den situasjonen vi er no, med manglande bygging i sentrum og at husa blir dyre. Vi kan ikkje bli sjokkerte over at vi ikkje har rimlege bustadar å tilby unge og vanskelegstilte når vi har slike krav, seier ho.

For når kommunen stiller utvida krav om utbygging og utbetring i tilknyting til bygging av nye byggefelt til dømes, så er det huskjøparane som må betale. Utbyggjarane får krava frå kommunen, men det er huskjøparen som til sjuande og sist må betale meir for tomta eller leilegheita.

Kan ikkje vente at kommunen trår til

Kommuneleiinga er på si side klare på at det viktigaste dei kan bidra med er god kvalitet og rask behandling av byggesaker og reguleringsplanar.

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad meiner utbyggjarane må betale meir til infrastruktur.

INGEN PENGAR: Førde kommune med rådmann Ole John Østenstad meiner det er utbyggjarane som må spytte i meir pengar til den utvida infrastrukturen i samband med bustadbygging.

Foto: Sondre Lingås Haukedal

– Vi skulle gjerne kome med pengar til infrastruktur, men der må eg nok berre skuffe og seie at dei pengane i liten grad er der, seier rådmann Ole John Østenstad.

Han seier kommunen har hatt suksess med utbyggingsavtalar der både kommunen og utbyggar har bidrege. Og ber heller utbyggjarane om å opne lommeboka i større grad.

– Vi er i den mest sentrale delen av fylket, og det er ikkje til å kome vekk ifrå at det er store vinstar ut og går. Då syns eg det er rett og rimeleg at utbyggjarane, som haustar i neste omgang, også må vere med og betale.