Hopp til innhold

Mange jaktar same type bustad - det gir prisvekst

FØRDE (NRK): I dei tre største tettstadane i Sogn og Fjordane har bustadprisane auka med meir enn 10 prosent det siste året.

Pål Anders Kårstad

RIFT: Dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad, seier det er rift om eigedommane som er ute for sal.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Det ser vi veldig godt på visingane våre. Det er godt oppmøte på visning og fleire som jaktar same type bustad. Kort sagt kan ein seie at etterspurnaden er ein god del større enn tilbodet, seier dagleg leiar i eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

Tradisjonelt har bustadprisane i Sogn og Fjordane vore låge, og trass sterk vekst det siste året er bustadprisane i fylket framleis langt lågare enn elles i landet.
Han seier dette skuldast fleire årsaker, både press i bustadmarknaden og eit rekordlågt rentenivå.

– Det er med og gjer til at fleire klarar å finansiere og vere med og kjøpe, seier Kårstad.

Fleire ting å ta omsyn til

På temadagen onsdag møtte det opp utbyggjarar, meklarar, politikarar og andre aktørar innan bustadmarknaden for å diskutere dagens bustadsituasjon i Førde. Ordførar Olve Grotle fortel at møtet er ein del av prosessen med å lage ein generell bustadplan for Førde.

– Der skal vi ta omsyn til mange ting. Ikkje minst må vi ha ein plan for å skaffe bustadar til folk som i utgangspunktet har litt vanskelegare for å få seg bustadar enn folk flest, seier Grotle.

Kårstad fortel at også dei andre store tettstadene i fylket har opplevd auke i bustadprisane det siste året.

– Vi merkar det både i Florø og Sogndal, kanskje spesielt mykje i Sogndal. Det er den plassen i fylket der det er høgst press og der ein finn dei høgste kvadratmeterprisane. Det har også litt med miljøet i Sogndal å gjere, seier Kårstad.

Må sjå på heilskapen

André Sunde er dagleg leiar i utbyggarfirmaet Dvergsdal og Sunde. Han meiner Førde bør sjå utanfor kommunegrensene til resten av Sunnfjord for å løyse bustadproblematikken.

– Vi må sjå Sunnfjord som ein heilskap. Jølster har sine kvalitetar, og det har også Gaular. Det er ikkje sikkert at einebustadmarknaden bør vere størst i Førde, seier Sunde.

Han peikar på at Førde i dag har for få tomter til tomannsbustadar, rekkjehus og firemannsbustadar.

André Sunde

HEILSKAP: Dagleg leiar André Sunde i Dvergsdal og Sunde seier ein må sjå Sunnfjord som ein heilskap og slutte å tenkje isolert på Førde.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Det ventar eg at kommunen tek tak i og gjer noko med, seier Sunde.

– Kva trur du er grunnen til at det har vorte slik?

– Det trur eg er tunge og lange prosessar. Det er rikeleg med areal som er ferdigregulert, men det er for rigide krav i rekkjefølgjebestemmingar og liknande. Ei stund sa ein at skal ein byggje i Førde, må ein også byggje rundkøyring. Slike krav må vekk, seier Sunde.