Hopp til innhold

Ulovlege oljeutslepp på Mongstad – Bellona politimelder Equinor

Etter å ha oppdaga utslepp av olje i grunnen, har Equinor i 2020 samla opp over 112.000 liter oljehaldig vatn på Mongstad. Bellona melder selskapet til politiet.

Oljeraffineriet Mongstad i Nordhordland

UAKSEPTABELT: Både Miljødirektoratet og Equinor sjølv meiner oljeutleppa som er avdekka ved raffineriet på Mongstad er svært alvorlege.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fredag ettermiddag skriv Equinor i ei pressemelding at dei har levert ein intern granskingsrapport til Miljødirektoratet.

Bakgrunnen er at det er oppdaga stor forureining frå oljeutslepp i grunnen på Noregs største oljeraffineri på Mongstad.

Equinor Mongstad har gjennom hele 2019 og inn i 2020 registrert auka utslepp av olje til sjø. I februar 2020 varsla verksemda Miljødirektoratet om at det var oppdaga olje ved utløpet av vassreinseanlegget.

– Forholda vi har avdekka er uakseptable. Granskinga viser at det har vore utilstrekkeleg forståing av krav som gjeld for utslepp til grunnen.

Det seier Irene Rummelhoff i pressemeldinga. Ho er Equinors direktør for marknadsføring, prosessering og handel.

Utslepp i Equinors sikringsbasseng på Mongstad

120.000 LITER: Oljehaldig vatn har i over eitt år sige ut i grunnen. Biletet viser ei avgrensingsgrøft.

Foto: Equinor granskingsrapport

Krass kritikk

Miljødirektoratet ser svært alvorleg på forureininga i grunnen på Mongstad. Som følge av granskingsrapporten har Equinor no fått to pålegg i saka:

  • Gjere ei grundig vurdering av forureininga på heile området
  • Gjere tiltak som hindrar negative miljøeffektar

Direktoratet skriv at «det er desto mer alvorleg at denne forurensningen spres til sjø via renseanlegget, ettersom man der kan risikere mer alvorlige konsekvenser av forurensningen.»

– Vi ser alvorleg på det som utspelar seg på Mongstad. Det har aldri vore tillate med utslepp eller tilsig med olje til grunnen, seier seksjonsleiar Harald Sørby i Miljødirektoratet til NRK.

Ulovlege utslepp

Equinor vedgår at dei har hatt ein praksis som ikkje er i «samsvar med relevant miljøkrav».

Sagt med andre ord har altså oljeutsleppa vore ulovlege.

I granskingsrapporten til Equinor kjem det fram at forureininga til grunnen på Mongstad i april 2020 gjekk over mengdegrensene som er gitt i «Tillatelse til virksomhet etter forurensingsloven for Equinor Mongstad».

Til NRK seier Miljødirektoratet at dei vart klart over dei nye problema på Mongstad då Equinor søkte om å få auka utsleppsgrensene. Då byrja direktoratet å stilla spørsmål om kvifor.

Granskingsrapporten viser at oljetilsiget i grunnen på Mongstad ikkje kan knytast til ei spesiell hending. Det skal ifølge Equinor skuldast tilsig frå dreneringssystemet for oljehaldig vatn, samt fleire, ifølge Equinor små, historiske utslepp.

Sikringsbassenget på Mongstad der det er påvist oljeutslepp.

UTSLEPP TIL SJØ: Sikringsbassenget (midt i biletet) er siste barriere i reinseanlegget ved Mongstad, men det har vore aukande oljeutslepp til Fensfjorden sidan starten av 2019.

Foto: Skjermdump rapport / Equinor

Til saman har Equinor i 2020 samla og fjerna 112.000 liter olje frå området.

– Det er eit stort tal. Det er veldig mykje, kommenterer Sørby i Miljødirektoratet.

– Olja i grunnen rundt sikringsbassenget er no samla opp. Alle lekkasjekjelder som er funne, er utbetra. Oljeverdiar ut frå vassreinseanlegget er tilbake til normalnivået, ifølge Rummelhoff.

Ulovlege utslepp i fleire år

Equinor, tidlegare Statoil, har fleire gonger hatt ulovlege utslepp på Mongstad.

Direktoratet skriv at i perioden 2015 til 2019 er det rapportert til saman over 40.000 liter ulovlege utslepp av olje til grunnen. Desse utsleppa har òg spreidd seg til sjøen.

Etter hendingar i 2018 vurderte Statoil at restane etter utsleppa hadde svært avgrensa miljøpåverknad fordi det ikkje var fare for spreiing. Miljødirektoratet føresette då at bedrifta ville gjennomgå vedlikeholdsrutinene for å unngå fleire brot.

Direktoratet gir no Equinor hard kritikk for manglande handtering, og skriv:

«Imidlertid har det fulgt fleire slike uhellsutslipp i 2019 og 2020. Når det nå også viser seg at oljen i grunnen siger mot renseanlegget, tilsier dette at bedriftens tidligere vurdering om at det ikke foreligger fare for spredning ikke er riktig, og at vurdering av miljørisikoen for forurensning i grunn må revurderes.»

Bellona politimelder

Fredag ettermiddag melder NTB at miljøorganisasjonen Bellona vil politimelde Equinor for grov miljøkriminalitet.

– Det vi ser no er eit selskap som er i djup krise, og som må definerast som notorisk miljøkriminelle. Eg er djupt uroa for utviklinga vi ser. Det er berre eit tidsspørsmål før ei alvorleg ulukke skjer på eit av deira anlegg, seier leiar Frederic Hauge til NTB.