For over ti millionar år sidan vart eit enormt strålingsglimt utløyst av ei sjeldan nøytronstjerne. Sidan har fenomenet reist gjennom heile universet med lysets hastigheit.
I fjor vart strålinga observert i vårt eige solsystem.
Her vart fenomenet fanga opp av sju ulike instrument.
Men strålingsutbrotet var over på «eit blunk».
Derfor var det berre eitt av rominstrumenta som klarte å fanga opp detaljane i det unike som skjedde:
Nemleg ASIM-instrumentet, delvis skapt av Universitet i Bergen (UiB).



Leiar Nikolai Østgaard ved Birkelandssenteret for romforsking ved UiB meiner at det dei har funne, er verdifullt.
– Det hjelper oss å forstå korleis alle desse stjernene oppfører seg. Det er å forstå universet. Dette er ein bitte liten, men viktig byggjekloss på vegen.
NØGD: Leiar ved Birkelandssenteret for romforsking ved UiB er nøgd med funna.
Foto: Valentina Baisotti / NRKForskar på lyn og tore
Det norske rominstrumentet er bygd for å forske på vêrfenomen som lyn og tore i atmosfæren, og gammastråler i forbindelse med lyn-utlading.
– Du må måla ekstremt hurtig. Derfor var me i stand til å måla detaljar i eksplosjonen, seier Østgaard.
Utbrotet av energi frå magnetaren varte berre i eit tidels sekund. På den tida gav det ut like mykje energi som det vår eiga sol produserer i løpet av 100.000 år.
ASIM er det fyrste instrumentet som har greidd å fanga opp detaljar frå eit møte med eit slikt strålingsglimt, fordi det har så følsam elektronikk. Når andre instrument har observert fenomenet tidlegare, har dei ikkje greidd å fanga opp detaljane slik som ASIM fordi strålinga er for intens.
NRK forklarer
Hva er ASIM?

ASIM
ASIM er en forkortelse for European Atmosphere-Space Interactions Monitor, og er et sett med måleinstrumenter på den internasjonale romstasjonen. Det er et prosjekt som er støttet av den europeiske romorganisasjonen ESA og som ledes av forskere ved Danmarks Tekniske Universitet.
To instrumentpakker
Det er to instrumentpakker på ASIM. Den ene er en detektor for røntgen- og gammastråling. Det andre er et sett med fotometere (instrument til måling av lysstyrke, journ.anm.) og kameraer som observer fenomener høyt over bakken. Norske forskere har bidratt med byggingen.
Installert i 2018
Instrumentene ble installert på romstasjonen i 2018, og er designet for å se etter elektriske utladninger som skjer under stormfulle værforhold i den øvre atmosfæren. De kan måle på mikrosekundnivå, noe tidligere instrumenter ikke har kunnet.
Spesielle fenomener
Med prima utsikt 400 kilometer over bakken, fanger ASIM opp mye spennende som du kan lese mer om lengre ned i artikkelen. ASIM har blant annet fanget opp et spesielt lynfenomen nær øya Naru i Stillehavet. Fenomenet sparket i gang fem korte og intense lysglimt.
Var dette forståelig?
629 stemmer
Har forska i halvtanna år
Detaljane som ASIM fanga opp, har no blitt forska intenst på i eitt og eit halvt år for å vera sikre på kva dei har målt.
– Det var liksom ikkje ein eureka med ein gong, der me visste kva me hadde sett, seier Østgaard.
DETALJAR: Det er desse detaljane i byrjinga av strålingsglimtet ASIM greidde å fanga opp.
Grafikk: Birkelandsenteret for romforskningNo har dei lært kva som skjer i byrjinga av eit strålingsutbrot frå ein magnetar. Den svært sterke magnetiske energien til ein magnetar blir då omgjord til strålingsenergi.
– Det er berre heilt fantastisk at me har kunna bidra inn i astrofysikken på denne måten her, seier Østgaard.
Forskinga blir no publisert i det anerkjende tidsskriftet Nature.
DATA: Slik ser datamaskina som tek imot dataa frå ASIM ut.
Foto: Valentina Baisotti / NRK