Hopp til innhold

Torgeir har berre tre tenner – har ikkje råd til å fikse resten

For uføretrygda Torgeir er det ein fjern draum å få råd til 150.000 kroner i tannhelseutgifter. – Eg føler meg ikkje som eit verdig menneske.

"Torgeir"

TRYGD: Torgeir går på trygd, og har mykje gjeld. Han skulle ønske at tannbehandling blir dekka av det offentlege, men det blir det ikkje for vaksne i dag.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– For ein som har ein liten trygd og stor gjeld, er det heilt umogleg. Det er ein fjern draum, seier Torgeir.

Han snakkar om munnen sin og den tynne tanngarden. Per i dag har han berre tre tenner. Ei mellombels protese gjer det mogleg å eta litt.

Torgeir seier han pussa vekk dei fleste tennene etter han blei utsett for eit overgrep i ung alder.

– Det gjorde at eg fekk tvangstankar om hygiene, og eg følte meg skitten uansett kva eg gjorde. Då pussa eg tennene heile tida, i mange år. Til slutt var emaljen skada, seier Torgeir.

Han er anonymisert i denne saka av omsyn til personvern. Me har vald å kalle han Torgeir i denne saka.

Tannlegebesøk

TANNLEGEVISITT: Torgeir har brukt mykje tid i tannlegestolen dei siste åra.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Dyr operasjon

Utan emalje førte det til kraftige betennelsar. Dei fleste tennene vart trekt grunna sterke smerter.

No er han ein av mange vaksne i ein vanskeleg situasjon: Støtte til tannhelse for vaksne blir i liten grad dekka av det offentlege

Det beste alternativet ville då vore å fått operert inn eit implantat.

Prislappen på eit varig implantat ville vore ein som kostar om lag 150.000 kroner. Det har ikkje Torgeir moglegheit til å betala.

Den høge summen og dei manglande økonomiske midlane gjorde Torgeir deprimert.

– Då rakna alt, og eg klarte ikkje å sjå ei framtid lenger, seier Torgeir, med klump i halsen.

Svært lang ventetid

Etter han fekk vite at han ikkje fekk det dekka av Nav, har Torgeir prøvd fleire ting. Han kontakta tilrettelagt tannhelsetilbod for torturoffer, overgreputsette og personar med odontofobi.

Her fekk han beskjed om at det var 16-18 månadar med ventetid. Her kunne han også berre få dekka det rimelegaste alternativet.

I dette tilfellet er det rimelegaste alternativet eit gebiss. Det er ikkje eit optimalt alternativ, for Torgeir, då det på sikt kan endre strukturen i andletet.

På det verste vurderte Torgeir å ta sitt eige liv. Han går til psykolog, og har slått frå seg tankane sidan.

– Eg ser ikkje så lyst på framtida. Men som far, så må eg berre ta meg saman, seier Torgeir.

Britt Jane Daae, NAV Alver

LEIAR: Jane Britt Daae i Nav Alver.

Foto: NAV Alver

Tenner ikkje som anna helsehjelp

Nav kan heller ikkje hjelpe Torgeir. Utgiftene til tannhelse er nemleg annleis enn andre formar for behandling i Noreg.

– Utgifter til tannbehandling står i ei særstilling av behandlingsutgifter. Behandlinga vert i liten grad dekka av folketrygda eller andre offentlege ordningar, seier leiar i Nav Alver, Jane Britt Daae.

Leiaren understrekar at prislappen på tannbehandling kan variera i stor grad, og at det då er viktig med nøye vurderingar.

– Prisforskjellen mellom ulike tannlegar kan vere stor, og stønaden kan bereknast til å dekke eit rimeleg alternativ, seier Daae.

Når Nav tek imot søknadar frå tannlegen, sender dei det vidare til fylkestannlegen. Det er dei som vurderer om slike som Torgeir kan få støtte.

At the dentist

Det er ikkje mange parti som vil bruke offentlege pengar på å hjelpe vaksne med tannhelse.

Foto: Frank May / NTB

Det rimelegaste alternativet som gjeld

Nav må stille seg til fylkestannlegen sitt råd, som har retningslinje om å tilby det billegaste alternativet.

Fylkestannlege i Vestland, Lathamini Murugesh, ynskjer ikkje å stille til intervju, men skriv i ein e-post til NRK:

– Nav ber ofte fylkestannlegen om ei vurdering om føreslått behandling er i tråd med deira krav. I svaret fylkestannlegen gir til Nav blir det vurdert i tråd med rettleiaren «God klinisk praksis» i tillegg til Nav sine krav til at det skal vere rimelegaste akseptable alternativ, skriv Murugesh.

Murugesh seier at implantat kan vera tilrådd viss det er naudsynt, men at det er tannlegen som må ta den avgjersla.

Implantat blir foreslått der det blir vurdert som nødvendig. Men om det er rimelegare alternativ som er aktuelle, så blir det tilrådd, avsluttar fylkestannlegen.

– I strid med all sunn fornuft

Situasjonen til Torgeir får stortingskandidat for Raudt, Seher Aydar, til å reagera.

– Heile livskvaliteten hans blir påverka, pluss kosthaldet. Då kan andre sjukdommar oppstå, seier Aydar.

Ho meiner det er ulogisk at staten tar på seg kostnadane for konsekvensane av dårleg tannhelse, men ikkje sjølve tannbehandlinga.

Seher Aydar

YNSKJER OFFENTLEG SYSTEM: Stortingskandidat for Raudt, Seher Aydar.

Foto: Einar Aslaksen / Rødt

– Viss andre sjukdommar oppstår, ja då skal staten ta rekninga. Men når det er tennene, då må han ut med alt sjølv. Det strir mot all sunn fornuft, seier Aydar.

Sjukdommar tilknytt kosthald og ernæring kosta staten 154 milliardar kroner i 2016, ifølge tal frå helsedepartementet.

Aydar meiner me ikkje har råd til å la vera å behandla tannhelse på lik linje med annan behandling.

– Det er god samfunnsøkonomisk investering å sørga for at alle har god helse, inkludert tannhelse, uansett kor mykje pengar dei har, seier Aydar.

Også fleire andre parti, som SV, MGD og Ap, meiner med ulike innfallsvinklar at det må bli billigare eller gratis å gå til tannlegen. Men SV, MDG og Raudt var dei einaste som gav full støtte for SV sitt forslag og Raudt sitt forslag om nye tannhelsereformer i juni.

Retting 18.50, 05.09.21: I den fyrst publiserte versjonen av saka kom det ikkje fram at SV (fem representantar), Raudt (ein representant) og MDG (ein representant) stemte for dei to forslaga om nye tannhelsereformer i Stortinget i juni.