Hopp til innhold

Har berre plass til to bussar ved populær naturperle

Turistane strøymer til det vestlegaste fjellplatået i Noreg. No vil restaurantdrivaren setje grenser for busstrafikken.

Bussar kjempar om plassen på Vestkapp-platået, Stadlandet

BLIR FORT FULLT: To bussar er det plass til ved restauranten på Vestkapp.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

497 meter over Stadhavet ligg Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået i Noreg.

Brå vêromslag og utsikt rett i storhavet, lokkar turistane hit.

På det meste har det kome 15 turistbussar opp til restauranten på same dag.

Med smal veg og avgrense parkeringstilhøve kan det gir utfordringar.

Kristina Leknesund Myrseth

Kristina Leknesund Myrseth driv restaurant på Vestkapp. Ho ønskjer ei betre spreiing av busstrafikken for å unngå kaos og sikre trafikktryggleiken.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er plass til to bussar på sida der, seier Kristina Leknesund Myrseth mens ho viser rundt på parkeringsplassen til restauranten.

Myrseth ønskjer å å regulere busstrafikken i større grad for å unngå kaos og sikre trafikktryggleiken. Ein bom kan vere ei løysing, meiner ho.

– Ikkje for privatbilar og ta så mykje betalt for, men for å kunne regulere busstrafikken, seier restaurantdrivaren.

Restriksjonar inn mot trafikken frå cruiseskipa kan også vere eit grep, legg ho til.

Fjordabladet omtala saka først.

Bussparkering på Vestkapp, Stadlandet

Eit lite stykke frå restauranten er det ein offentleg parkeringsplass med plass til nokre køyretøy.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trykk frå cruiseturismen

Det er ikkje berre privat-turistar som vil oppleve naturperlene på Stadlandet. Det vil også cruiseturistane som kjem til hamnene i Nordfjord.

Fungerande kommunedirektør i Stad kommune Harald Sivertsen, seier det no blir jobba med ein heilskapleg plan for turismen i kommunen.

Kommunen opplever ein vekst i talet turistar og stader som Vestkapp er ein av stadane med mest trykk.

Busstrafikk til Vestkapp-platået, Stadlandet

Heller ikkje vegen opp til Vestkapp-platået er berekna for busstrafikk. På biletet må personbilen delvis ut av vegen for å sleppe forbi bussen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Når vi har ekspandert så mykje på turisme, skal det litt til alt er tilrettelagt frå dag éin, seier Sivertsen.

Og det blir mange turistar i Noreg i sommar, mange av dei utanlandske, ifølgje NHO Reiseliv.

For det som er dårleg kronekurs for nordmenn i utlandet, er godt nytt for utanlandske turistar. Dei er allereie i gang med å bestille noregsferie for neste sommar.

Les også Buss fast på Ørnevegen i Geiranger – måtte vente tre timer i kø

Buss som har kjørt seg fast i Ørnesvingane i Geiranger

Ber om makstal på besøkande

På Stadlandet ligg naturperlene på rekkje og rad. Hoddevik, ein liten køyretur unna Vestkapp, har i mange år lokka til seg surfeglade. Mellom anna har kronprinsfamilien blitt avbilda med surfebrett i bølgjene her.

Anne Lerfald driv gjestehus i bygda. Her er ikkje bussar noka utfordring, til det er vegen for krevjande, men Lerfald hadde gjerne sett at det også der vart innført tiltak når det gjeld turismen.

Hoddevik på Stadlandet

Surfeparadiset Hoddevik ligg i nabolaget til Vestkapp på Stadlandet. Her er turisttrykket blitt så stort at gjestehus-drivar Anne Lerfald ønskjer seg makstak på turistar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Betre sanitærforhold, lågare fartsgrense og eit makstak på kor mange som kan kome til Hoddevik per dag, er grep ho etterlyser.

– Dei tre tinga er veldig viktige for at vi framleis skal få lov å ha status som ei perle.

På Vestkapp er Kristina Leknesund Myrseth glad for alle som gjestene som kjem.

Per no er det nokre cruiseoperatørar som bestiller plass til sine bussar, men ikkje alle gjer det, og då kan Myrseth få nokre overraskingar.

Til neste sesong håpar ho busstrafikken vil bli betre regulert.

– Det er mykje som kan gjerast, så får vi finne ut kva som funkar best.

Les også Bestiller neste års ferie for å utnytte billig norsk krone

Thor Filip Halvorsen, prosjektdirektør, Norwegian Hospitality Group