Hopp til innhold

Forskar trur Sogn og Fjordane kan forsvinne i framtida

Forskar Jørgen Amdam har denne veka levert ein rapport til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Konklusjon: Sogn og Fjordane er for lite til å halde fram som fylke.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam.

FOR LITE TIL Å VERE EFFEKTIVT: Fylke eller regionar bør ha minst 200.000 innbyggarar for å vere effektive i framtida, meiner forskar Jørgen Amdam hos Møreforsking. Det kan bety kroken på døra for Sogn og Fjordane, som berre har 110.000 innbyggarar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Jørgen Amdam i Møreforsking fortel i eit intervju til Bergens Tidende om ein regjeringsbestilt rapport som konkluderer med at Sogn og Fjordane er for lite til å halde fram som eige fylke.

Rapporten er levert til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre.

Ifølgje avisa frårådar Møreforsking sterkt å halde fram med 19 fylke her til lands.

– Dei alternativa vi har sett på syner at det er stort sett er ein regionstruktur med 10 -15 regionar som ser ut til å kome fordelaktig ut i dei fleste alternativ, seier Amdam til NRK.

I rapporten heiter det at regionar må ha over 200.000 innbyggarar for å vere effektiv og for å kunne få overført nye oppgåver frå staten.

Skal ein følgje dette, må Sogn og Fjordane slå seg saman med andre fylke eller regionar for å vere berekraftig også i framtida.

– Ut ifrå denne rapporten, vert Sogn og Fjordane med sine 110.000 innbyggarar for smått i eit framtidig kommune-Noreg?

– Vi har ikkje vurdert kvart enkelt fylke, men sett i forhold til desse indikatorane vi har brukt der vi har brukt tidlegare utgreiingar, så er det konklusjonen, ja, seier Amdam.

– Eg trur det ikkje før eg ser det

– Kva vert betre? Vert me sett? Vert det fleire arbeidsplassar? Vert det betre for næringslivet? Vert det fleire eller færre som talar Sogn og Fjordane si sak?

Mange spørsmål, men førebels må Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet vente på svar på korleis Sogn og Fjordane skal sjå ut i åra framover. Ho har ikkje lese rapporten frå Møreforsking, men seier at ho ikkje har tru på at alt vert mykje betre berre ein får større einingar på plass.

Liv Signe Navarsete

SKEPTISK: Liv Signe Navarsete er skeptisk til konklusjonen Jørgen Amdam kjem til i rapporten.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Denne regjeringa har jo nesten som mantra at ein skal ha større kommunar og større fylke. Men det som er gjort no er jo berre ein gjennomgang av det vi allereie veit. Og om vi skal følgje den logikken, så er jo Sogn og Fjordane for lite til alt!, seier Navarsete med kraft i stemma.

Ho er skeptisk til det ho omtalar som å "leggje ned fylket", og kvir seg for å tru at større fylke gjer betre tilbod til innbyggarane i Sogn og Fjordane.

– Eg trur det ikkje før eg ser det.

Ønskjer ikkje fylkeskommunen i det heile

Bjørn Hollevik frå Høgre stadfestar at partiet er einig i konklusjonen rapporten frå Møreforsking kjem til. Det er inga hemmelegheit at partiet ønskjer å fjerne mellomnivå i dagens kommunestruktur.

– Høgre har jo programfesta at vi ikkje ønskjer mellomnivå, vi ønskjer ikkje fylkeskommunen i det heile tatt, vi vil ha store kommunar og staten, slår Hollevik fast.

Bjørn Hollevik

HAR TRUA: Høgrepolitikar Bjørn Hollevik seier partiet har programfesta at dei ikkje ønskjer fylkeskommunen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det som kjem er ikkje uventa, og eg trur nok at Navarsete si frykt for at fylket vert lagt ned, er ei frykt for at fylkeskommunen vert lagt ned. Regionen som vi bur i har jo store moglegheiter framover, og det er vel ikkje fylkeskommunen som styrer det eller avgjer korleis vi skal leve liva våre her i fylket, seier Hollevik.

Er du einig i at vi treng større regionar?

Ja, skal vi få meir makt ut ifrå Oslo, så vil nok storleik avgjere om vi skal kunne vere noko tyngdepunkt mot sentralmakta, meiner Høgre-politikaren.

Liv Signe Navarsete på si side, er ikkje heilt einig i konklusjonen til Hollevik.

– Viss me skal få einingar som er store nok til å kunne vere ein maktfaktor mot staten, så snakkar me om landsdelsregionar, seier Navarsete og fortsett:

– Eg trur at makta vil flyttast til store mastodontar som Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø, frå sine omland, enn at ein får ei desentralisering av makta, som både Bjørn og eg ønskjer oss.