I 2022 blei staten dømd for menneskerettsbrot etter at fleire hundre innsette i Bergen fengsel over tid hadde blitt utsette for omfattande nakenvisitering.
Mellom anna blei ein kvinneleg innsett beden om å fjerne ein tampong medan ein fengselsbetjent såg på.
Ein mannleg innsett blei nakenvisitert opp mot 500 gongar.
I dommen frå tingretten fekk tre tidlegare innsette dekt saksomkostnadane sine, men fekk inga erstatning.
Dei anka saka og i dag kom dommen frå Borgarting lagmannsrett:
Staten er dømd til å betale erstatning til dei tre. To av dei får utbetalt 100.000,- medan den tredje får 75.000,-. Dei får også dekt vidare saksomkostnadar dei har hatt.
I eit slikt rom blei fleire hundre innsette nakenvisitert i Bergen fengsel. No har tre av dei som saksøkte staten, fått utbetalt erstatning.
Foto: Bergen fengsel– I dag feirar dei
Maria Hessen Jacobsen representerer dei tre. Ho fortel at klientane hennar er letta og veldig glade.
– I dag feirar dei, seier ho.
– Det er noko forferdeleg dei har vore utsette for. Den manglande anerkjenninga frå staten har vore veldig tung, og å stå i desse rettsrundane har vore ei gjenoppliving av traumet.
Hessen Jacobsen frå Elden Advokatfirma representerer dei tidlegare innsette.
Foto: Oda Flaten LødemelHo seier det har vore prinsipielt viktig for dei tre å vinne fram.
– For det første er praksisen avskaffa, og for det andre har denne dommen og andre frå Høgsterett sat eit punktum for at staten aldri meir får gjere dette.
– Men når det er sagt meiner dei nok beløpet er lågare enn det ein meinte var rett.
– Kva meinte de var rett?
– Vi bad om oppunder 200.000 for kvar av dei som har fått 100.000.
Likevel peiker Hessen Jacobsen på at beløpa ikkje var det mest avgjerande for dei tre, men å vinne fram med denne saka.
– Etablerer rett til økonomisk oppreisning
Hessen Jacobsen meiner denne dommen er med på å definere kva kriminalomsorga kan tillate seg for framtida.
– Dommen er med på å etablere ein rett til oppreisningserstatning som ein del av den reparasjonen staten må gjere for dei han har krenka alvorleg.
Advokatfirmaet Elden representerer 150 andre som meiner å ha vore utsette for menneskerettsbrot og meiner dei har krav på erstatning.
– For dei 150 er det no ei moglegheit til å få ein reparasjon for å ha gjennomlevd det same, seier Hessen Jacobsen.
Regjeringsadvokat Liv Inger Gjone Gabrielsen, som førte saken på vegne av staten, svarar NRK at dei nettopp har motteke dommen.
– Vi skal no gå nøye gjennom den saman med Justis- og beredskapsdepartementet, og det vil deretter bli tatt stilling til om dommen skal ankast.