Hopp til innhold
tmp_20140302_131259209850244.jpg
Foto: Anders Nøkling

Trafikken på fjellovergangene

Oppsummert

Her får du trafikkoppdateringer på fjellovergangene i Sør-Norge. Se også NRK Trafikk for flere veimeldinger.

  • Innfører kolonnekøyring over Haukeli

    Det er innført kolonnekøyring mellom Vågslidtunnelen og Haukelitunnelen på E134 over Haukelifjell. Fokksnø og kraftig vind fører til dårlege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg, og det er sendt ut gult farevarsel frå midnatt sundag.

    Fokksnø i fjellet fører til innføring av kolonnekøyring
    Foto: Webkamera / Statens vegvesen
  • Fare for fleire stengde fjellovergangar: – Blir berre verre

    Det varsla uvêret i fjellheimen i Sør-Noreg tar seg opp laurdag kveld. Det er allereie innført kolonne på riksveg 7 over Hardangervidda, og riksveg 52 mellom Hol og Aurland kan snart bli stengd.

    Utover natta er det fare for fleire stengde fjellovergangar.

    – No viser vêrmeldingane at det berre skal bli verre, så det er fare for at det blir stengt dei neste timane eller natta, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen vest.

    På Hardangervidda blei det innført kolonnekøyring kl 18.

    – Det er dårleg sikt på grunn av tett fokksnø og det fonnar seg. Det må brøytast vekk. På fv. 50 Aurland-Hol er det ope no, men det kan bli kolonnekøyring på veldig kort varsel. På den overgangen køyrer ein aldri kolonne etter 22, så då er det i praksis stengt resten av natta. Haukelifjell er enn så lenge ope, men ligg i same uvêrsområde. Her ventar me på ei oppdatering, fortel Sleire.

    Vegtrafikksentralen har allereie åtvara dei som skal reisa heim etter vinterferie sundag. Det kan bli ei frustrerande ferd for dei som skal reisa heimover i sørlege deler av høgfjellet.

    – Over riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell ser det førebels fint ut.

    Statens vegvesen sitt webkamera på Haugastøl, riksveg 7
    Foto: Webkamera / Statens vegvesen
  • Uvær gir problemer på fjelloverganger

    Det er uvær i høyfjellet og flere fjelloverganger er stengt.

    Riksvei 7 over Hardangervidda har vært helt stengt, men fra klokka 07 er det innført kolonnekjøring.

    På fylkesvei 50 Hol - Aurland er det også kolonnekjøring.

    Riksvei 53 Tyin - Årdal er stengt.

    Riksvei 13 over Vikafjellet er åpen for fri ferdsel etter å ha vært stengt på grunn av uvær.

    Ved Leiro bom på riksveg 7 over Hardangervidda
    Foto: Statens vegvesen/webkamera