Hopp til innhold

Glatte vegar og vanskelege køyreforhold

Uvêret herjar i fjellet. På fleire vegar og fjellovergangar i Sør-Noreg blir det meldt om svært glatte vegar og vanskelege køyreforhold.

Kolonne ved Bjøberg

VENTETID: Det er lang ventetid på Hemsedalsfjellet. Grunna dårleg vêr tek kvar kolonne to til tre timar over fjellet.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

På fleire fjellovergangar er det innført kolonnekøyring grunna uver. Elles er det stort sett ope på fjella mellom Austlandet og Vestlandet.

Likevel seier varselet at det er vanskelege køyreforhold grunna kraftig vind og nedbør som kjem som snø i fjellet.

Mellom Aust- og Vestlandet er E16 over Filefjell og E134 over Haukelifjell opne. Over Hemsedalsfjellet er det lang ventetid.

Filefjell ser ut til å vere det tryggaste alternativet om ein skal mellom Aust- og Vestlandet.

– Brøytemannskapa på Hemsedalsfjellet fortel om ganske vanskelege forhold. Dei brukar to-tre timar per kolonne på grunn av uvêr og dårleg sikt, opplyser Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

– Dette er venta å halde seg utover natta og vi ser på vêrmeldinga at det vil auke på frå morgonen av. Så det ser dårleg ut, legg han til.

Her er ei oversikt over fjellovergangane slik det såg ut klokka 06.00 måndag:

Hemsedalsfjellet - kolonnekøyring.

Strynefjellet - kolonnekøyring.

Hardangervidda - Kolonnekøyring.

Vikafjellet - kolonnekøyring

Aurland-Hol: - stengt på grunn av uvêr.

Filefjell - snø- og isdekke. Fri ferdsel.

Tyin-Årdal - stengt på grunn av uvêr.

Strynefjellet - Kolonnekøyring.

Haukelifjell - Kolonnekøyring

Sjølv om vegane er opne, kan det altså vere både dårleg sikt og glatte vegar. På riksveg 5 mellom Førde og Sogndal melder politiet søndag kveld at det er svært glatt ved Fjærlandstunnelen og i Kjøsnesfjorden.

Her var det i 16-tida stengt grunna bilberging etter at eit vogntog køyrde av vegen.

– Det er tilnærma blank is på vegen og. Veldig glatt, og i tillegg mykje vind som gjer at det bles opp snø, seier Kjell Bolsø i politiet.