Ein person omkom etter å ha blitt påkøyrd på riksveg 7

Ein mann er omkomen etter å ha blitt påkøyrd av ein bil på riksveg 7. Føraren av bilen, ei kvinne i 70-åra, er hardt skadd og frakta med luftambulanse til Ringerike sjukehus.

Ulukke Bromma

Bilen køyrde av vegen og trefte ein mann som oppheldt seg ved vegen.

Foto: Ole Edvin Tangen

Kl. 21:45 opplyser operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud at kvinna er lettare skadd.

– Det var ein bil som køyrde av vegen og trefte ein mann som oppheldt seg like ved. Vedkomande er dessverre død og pårørande er varsla, seier Tore Grindem, operasjonsleiar i politiet i Sør-Øst.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde på riksveg 7 ved Bergheim bru, sør for Bromma i Nes kommune. Politiet fekk melding om ulukka 1340. Det var ei kvinne i 70-åra som var førar av bilen.

Politiet ynskjer kontakt med eventuelle vitne til ulukka. Mannen som er omkomen har truleg oppheldt seg mellom riksvegen og sitt eige hus som ligg tett inntil vegen. Huset er ein større kvit einebustad på høgre side i retning Gol, skriv politiet på Twitter.

Kvinna som var aleine i bilen er frakta til Ringerike sjukehus med luftambulanse og skal vere hardt skadd.

Kriminalteknikarar er på veg til staden og vegen vil vere delvis stengt utover kvelden.

Politiet vil dirigere trafikken forbi ulukkesstaden etter kvart som vegen opnar.

Ulukke ved Bromma

Ulukka skjedde ved Bergheim bru sør for Bromma i Hallingdal.

Foto: Ole Edvin Tangen