Hopp til innhold

Intens nedbør på veg: Vegvesenet ber folk om å la bilen stå i kveld

Det er varsla intens nedbør på Vestlandet i kveld og Statens vegvesen oppmodar no folk om å la bilen stå om dei ikkje absolutt må ut og køyre.

Farenivå oransje

KRAFTIG MED REGN: Uvêret som kjem i kveld vil føre til at det bøttar ned med regn over store deler av Vestlandet.

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir hardast råka av nedbørsfronten som vil skylje inn over landsdelen utover kvelden.

I løpet av seks timar vil ein vente 60 millimeter nedbør og rundt 100 millimeter det neste døgnet.

Det får Statens vegvesen til å gå ut no og åtvare om at nedbøren kan føre til ras langs trafikkerte vegar på heile Vestlandet.

– Faren for ras er stor med så mykje nedbør som er meldt no. Det er ein slik at om ein ikkje treng ut på vegen, så bør ein halde seg i ro, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen til NRK.

Lurt å førebu seg

Meteorologisk har sendt ut oransje farevarsel (nest høgaste nivå) for Rogaland og Hordaland og gult varsel for Sogn og Fjordane.

Nedbøren vil kome seint tysdag kveld og vare til onsdag morgon, melder Meteorologisk institutt. Dei oppmodar folk om å førebu seg.

– Det kan kome nokre konsekvensar av all regnet, så det kan vere lurt å førebu seg – reinske slukar og takrenner, slik at ein får unna mest mogleg vatn og passe på viss kjellaren er utsett, seier meteorolog Lars Andreas Selberg, ved Vervarslinga på Vestlandet.

Laster Twitter-innhold

Må stengje vegen

Den venta nedbøren har alt fått følgjer. Pendlarvegen mellom Askvoll og Førde, fylkesveg 609, vil berre vere open mellom 14.30 og klokka 19 i dag.

– Vi nattestenger vegen frå klokka 19. Det er meldt inn så mykje nedbør at vi har prosedyrar for å stenge vegen, seier Molvær.