Hopp til innhold

Uvanleg tørke for bøndene: – Eg fryktar klimaendringane

I nær 70 år har han vandra på jorda og sett årstider kome og gå. Men tørken denne sommaren gjer den pensjonerte bonden skremt. Veldig skremt.

Olav J. Bøthun framfor ei brunsvidd mark i Fresvik.

BRUNSVIDD: Det er mange synlege teikn på tørken på Vestlandet. Olav J. Bøtun er uroa for framtida.

Foto: Cecilie & Christian

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg fryktar klimaendringane.

Olav J. Bøtun ser ut over dei knusktørre bøane og bekkane i Fresvik på sørsida av Sognefjorden.

I 40 av sine 69 år har han ført statistikk for Meteorologisk institutt. Han har med sjølvsyn sett dei varsla endringane.

– Fagfolka seier jo vi må venne oss til meir ekstremvêr. Nedbøren har auka jamt og trutt. Men no fekk vi kontrasten. Det er skremmande, seier Bøtun.

På Vestlandet skal det vere våte og milde somrar. Tilgang på vatn til mark og dyr har sjeldan eller aldri vore noko problem. Bortsett frå no.

I Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er Knut Ola Åmot vakthavande hydrolog. Han er fagmannen som no må melde at sjølv grunnvatnet er skremmande lågt.

– Tørken påverkar i stor grad grunnvasstanden, og den er låg i heile Sør-Noreg og spesielt på Vestlandet. Det gjeld frå Nordfjord og ned til Boknafjorden. Det gjeld også langt inn i landet i Indre Sogn og på Hardangervidda.

MIDT I SØR: Bygda Fresvik ligg i Vik kommune der Sognefjorden deler seg innover mot fjellheimen.

Minska flaumfare

Det skal mykje regn til for å at det viktige grunnvatnet kjem opp att på det nivået det skal vere.

– Det vil ta tid før dette blir fylt opp igjen og matar vassdraga med vatn slik vi er vande med, seier Aamodt.

På den positive sida: Flaumfaren er vekke no. Det er ikkje nok vatn til å skape nokon flaum.

– Alt er avhengig av vêret utover hausten. Kjem det nokon skikkelege hauststormar med mykje nedbør, så vil det bli auka vassføring i vassdraga uansett. Men det vil ikkje bli så rask vassføring som det ville ha vore med normal eller høg grunnvasstand.

Arild Hermstad er førstekandidat for MDG i Hordaland. Han meiner det er rystande sjå ekstremtørken på Vestlandet og han fryktar ein landbrukskollaps.

– Det kjem til å skje om vi ikkje tar grep raskt. Slik det er i dag, veit vi ikkje kor mange fleire tørkesomrar vestlandsbonden kan tole.

Fungerende MDG-leder Arild Hermstad mener storproduksjon må skrotes til fordel for små- og mellomstore gårder.

UROA: Arild Hermstad i MDG.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Usikker framtid

Han peikar på det forskarane seier om at dette vil skje oftare framover.

– Meir og kraftigare ekstremvêr gjer at bøndene går ei usikker framtid i møte. Det er vårt ansvar som politikarar å sørge for at dei får den støtta dei treng til å produsere maten vår, seier Hermstad.

Han er slett ikkje åleine om å uroe seg.

– Jord er ikkje berre jord. Du kan ha metervis med moldjord som kan halde på vatn i månadsvis. Så har du skrinn sandjord som tørkar på null tid.

Landbruksrådgjevar Marit Henjum Halsnes forklarar: Nokre stadar har mangelen på nedbør nærast ført til katastrofe for enkelte bønder.

– Det er forferdeleg gale for dei som er råka av tørken. Sauene kjem heim frå beite, og så er det ikkje mat å ete.

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune

Gitt råd i mange år

I 31 år har ho reist rundt til bøndene i Indre Sogn og gitt dei råd til korleis dei skal få best mogleg utbyte av det dei driv med.

Det er tøft for henne å sjå korleis det står til hos enkelte.

– Eg har aldri sett ein slik tørke som dette her.

Dei rike vassmengdene og nedbøren danna grunnlaget for at folk i det heile tatt kunne bu og drive på Vestlandet.

I Fresvik, like ved innløpet til verdsarvområdet i Nærøyfjorden, har det budd folk sidan jarnalderen. Med fjella, fjorden og vatn frå breen danna dalen eit naturleg drivhus.

Olav J. Bøthun på garden i Fresvik.

UROA: Olav J. Bøtun skal snart hauste epla. Men tørken har sett sine spor.

Foto: Cecilie & Christian

– Ekstremt å sjå

Men sjølv med den naturlege avrenninga frå isbreen har det blitt store vanskar for bøndene, fortel Olav J. Bøtun.

– Då eg vaks opp, snakka den førre generasjonen om ein tørkesommar under krigen. Det snakka dei om 50 år etterpå. No har vi hatt det to gonger på tre år. Det skremmer meg.

I sommar har Bøtun også vore på Hardangervidda og med sjølvsyn sett korleis den manglande nedbøren set sine spor.

– Det er så ekstremt å sjå.