Hopp til innhold

Tok ein «spansk ein» for å løyse sjukepleiarkrisa

Kommuneleiinga kallar det ein «boost» at dei har fått tak i sjukepleiarar frå Spania. – Uetisk, seier Sjukepleiarforbundet.

Heime i stova var Gonzalo Gutiérrez og sjukepleiar Maria Valle Cabezas-Sanchez på bileta.

FRAMTID I NOREG: Gonzalo Gutiérrez og Maria Valle Cabezas-Sanchez frå Spania har begge teke med seg familiane for å satse på ei framtid i Noreg.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Enkelte kommunar har prøvd hardare enn andre kommunar å få tak i nok sjukepleiarar.

Gonzalo Gutiérrez og Maria Valle Cabezas-Sanchez er sjukepleiarar frå Spania, som no har blitt lokka til Høyanger kommune i Vestland.

Dei tok begge med seg familiane til Noreg, og ser for seg ei framtid her.

– Vi såg ei annonse i ei avis og ville prøve det. Vi likar oss så langt, seier Gonzalo.

Noreg manglar rundt 6.000 sjukepleiar. I 2035 kan talet vere oppe i 20.000, viser tal frå SSB.

Industrikommunen Høyanger i Vestland, med rundt 4.000 innbyggarar, har dei siste åra forsøkt «alt».

Høyanger kommune

Høyanger kommune har rundt 4.000 innbyggarar, og det blir stadig fleire eldre i kommunen.

Foto: Visit Norway

Kommunen har mellom anna lokka sjukepleiarstudentar med 150.000 kroner, utan å lukkast.

Men i år fekk kommunalsjefen napp.

Løysinga var ein premie på rundt 100.000 kroner til eit rekrutteringsbyrå for kvar sjukepleiar dei tilset, som eit eingongsbeløp. Stillingane er faste.

I tillegg har kommunen klart å få tak i fem andre sjukepleiarar frå Noreg.

– Når det kjem mange nye, blir det ei heilt anna stemning på arbeidsplassen. Det gjev ein boost inn i tenesta som gjer noko med arbeidsmiljøet, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Åse-Iren Korneliussen.

– Uetisk

Men Norsk Sykepleierforbund er kritisk til måten dette blir gjort på og kallar han «uetisk».

– Det er ein global sjukepleiarmangel, også i Spania. Vi er eit rikt land som må klare å utdanne og behalde sjukepleiarar sjølv, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.

Ho viser til at det i dag er fleire tusen sjukepleiarar som er utdanna i Noreg, som ikkje lenger jobbar i yrket fordi løna er for låg samanlikna med andre yrke.

– Då kan ein spørje seg kor etisk det er å betale for rekrutteringsbyrå som ofte blir dyrare enn å satse på få tilbake sjukepleiarar som ikkje lenger er i jobb.

Lill Sverresdatter Larsen

Leiar Lill Sverresdatter Larsen i sjukepleiarforbundet meiner det er uetisk å bruke rekrutteringsbyrå utanlands når det er global sjukepleiarmangel.

Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI

Av rundt 200.000 sjukepleiarar som i dag har gyldig autorisasjon, er nesten 60.000 registrerte med eit anna utdanningsland enn Noreg, viser tal frå Helsedirektoratet.

Ein artikkel på forskning.no slår fast at sjukepleiarar frå EU-land er dårleg førebudde på å jobbe i Noreg.

Utfordringa er at tilsette blir overlatne til seg sjølve med altfor mykje ansvar utan tilstrekkeleg opplæring, ifølge Sverresdatter Larsen.

Ho er bekymra for at manglande språkkunnskap kan gå ut over pasientane.

– Kulturutveksling

Det Sjukepleiarforbundet kallar «uetisk», kallar kommunalsjefen i Høyanger «kulturutveksling».

– Vi har ei anna tilnærming. I alle år har det vore slik at norske sjukepleiarar reiser ut til andre land, og vi får sjukepleiarar frå andre delar av verda til oss, seier Korneliussen.

Ho understrekar at kommunen også satsar på meir ordinær rekruttering, og at kommunen no er godt stilt med tanke på sjukepleiardekning.

Dei spanske sjukepleiarane får også ekstra god oppfølging med tanke på eventuelle språkutfordringar, seier ho.

Kommunalsjef for helse og omsorg: Åse-Iren Korneliussen

Kommunalsjefen for helse og omsorg i Høyanger, Åse-Iren Korneliussen meiner at å få utanlandske tilsette også er inspirerande kulturutveksling.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Ho støttar at det blir utdanna fleire norske sjukepleiarar, men trur det er urealistisk å Noreg vil vere heilt «sjølvforsynt».

– Eg trur vi vil sjå at det vil vere sjukepleiarar frå andre delar av verda i omsorgstenestene våre.

Regjeringa har varsla 500 ekstra studieplassar frå i haust der målet er å utdanne fleire sjukepleiarar.

Les også Stor mangel på sjukepleiarar: – Vi balanserer på ein knivsegg

Hanna Vadset og Marita Solli er sjukepleiarar ved Stranda omsorgssenter.