Hopp til innhold

Tørken gir bonden fem timar lengre arbeidsdag

Professor samanliknar våren i år med kriseåret 2018.

Per Jarle Myklebust

– Det ser ikkje ut som om det blir regn, så vi lyt berre stå på og vatne sjølv, seier mjølkebonde Per Jarle Myklebust i Myklebustdalen.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

– Det er knalltørt og vi har vatna ei veke, seier mjølkebonden Per Jarle Myklebust.

Han bur i Myklebustdalen i Gloppen, og merkar godt at mai 2024 er uvanleg tørr og varm.

– Det er høg temperatur og litt austavind i lufta. Då tørkar det veldig fort ut, legg bonden til.

For å redde graset kyrne skal ete til vinteren, må han vatne 400 mål med beitegras.

Tørke i Mykklebustdalen

Arbeidsdagen for Per Jarle Myklebust har blitt fire-fem timar lengre kvar dag som følge av vatning.

Foto: Sunniva Fjærestad / NRK

Vatninga gir han fire-fem timar ekstra arbeid kvar dag.

Får han ikkje vatna graset før det byrjar å svi, kan avlinga fort gå frå «gull til null»:

– Graset får ein blass farge når det byrjar å svi, og du ser dag for dag at det minkar. Etter nokre dagar så er det nesten ikkje gras att.

Onsdag var det temperaturar på rundt 29 grader fleire stadar i Sør-Noreg.

Samanliknar med kriseår

No samanliknar fagfolk denne våren med kriseåret 2018.

Tørken i Sør-Noreg sommaren 2018 førte til dårlege fôr- og kornavlingar for bøndene og tap på anslagsvis 5-6 milliardar kroner.

Professor Harald Volden ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) seier det også i år har vore høge lufttemperaturar og lite nedbør.

– Vår- og forsommaren 2024 liknar veldig mykje på 2018.

Han viser til at graset har kome 10 til 14 dagar lengre i utvikling enn på same tidspunkt i fjor. Dermed risikerer bønder at kvaliteten på graset fell raskt dersom det ikkje kjem større mengder nedbør.

Professoren har hatt kontakt med bønder dei siste dagane som er usikre på når dei skal slå.

Fleire har lagt ned «betydeleg arbeidsinnsats» for å redde avlingane.

– Vi anbefaler er at gardbrukarane rett og slett startar innhaustinga av førsteslåtten.

Jorda hos bonden er tørr

TØRT: Slik såg det ut hos ein bonde på Furnes i Ringsaker i 2018.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Christian Rekkedal jobbar med landbruk hos Statsforvaltaren i Vestland.

Han seier det i tørketider kan vere spesielt utfordrande for bønder som driv grasproduksjon å få vatna store areal.

– Får ein veldig mykje tørke kan det påverke veksten og avlingane.

Han er likevel ikkje per no bekymra for at tørka skal øydelegge avlingane.

Les også No er det kritisk for insekta: Ann Kathrin lar plenen vekse

Ann Katrin Jantsch sin plen er ikkje klipt

Tørr og varm mai

Tysdag viste ein oversikt frå Meteorologisk institutt at særleg Sør-Noreg har fått langt mindre nedbør enn normalt – så langt i mai.

  • Oslo har fått 2 mm
  • Bergen har fått 31 mm
  • Stavanger 14 mm
  • Ålesund 28 mm

At det til dømes har kome rundt 30 millimeter til no i Bergen er absolutt «mot normalt».

Det er berre ein tredel av normalnedbøren for månaden.

– Normalen er 109 millimeter, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis.

Statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis

Det er unormalt lite nedbør fleire stadar i Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis.

Foto: Christine Lensberg / NRK

Med andre ord må det kome kring 80 millimeter nedbør for å nå «normal» nedbørsmengd dei neste dagane, det kan halde hardt sjølv for Bergen.

– Det skjer nok ikkje dei første dagane, men vi har tru på litt nedbør ut i neste veke.

Som om ikkje det er nok ligg snittemperaturen her an til å bli den høgaste på 135 år, nærare bestemt 15,3 grader. Det er 5,2 grader over normalen.

Det er særleg i Sør-Noreg det har vore varmt og tørt. Her er skogbrannfaren no på gult og oransje nivå, og statsmeteorolog Tsopouridis seier det må komme 15-20 millimeter nedbør for å justere ned faren.

Den tørre starten på våren kan fort forplante seg utover sommaren. Sesongvarselet frå Climate Futures viser at vi kan gå ein varm sommar i møte.

Vest og nord i landet er det over femti prosent sjanse for at juni fell blant dei topp tre varmaste dei siste ti åra, står det i prognosen.

To jenter hopper fra brygga ved Auglandstjønn i Kristiansand.

Denne veka har fleire stadar opplevd dei varmaste dagane så langt i 2024. Her frå Auglandstjønn i Vågsbygd i Kristiansand.

Foto: Inger Lise Hansen / NRK